Må betale ei månadsløn i bot for å køyre med 0,8 i promille

DEL

Ein mann i 50-åra er i Sogn og Fjordane tingrett dømd til fengsel i 15 dagar for å ha køyrd medan han var påverka av alkohol, men slepp sone med prøvetid på to år. Han må også betale 30.000 kroner i bot, noko som ifølge dommen frå tingretten tilsvarar ein månadsløn for mannen. Han misser også retten til å køyre bil i 18 dagar, og må ta førarprøven på nytt.

På tampen av fjordåret vart føraren stoppa under ein politikontroll. Blodprøve av han etter kontrollen viste at han hadde 0,8 i promille. I tingretten tilstod mannen alt, det gjorde at han slapp sone fengselsstraff på 18 dagar med prøvetid. Mellom 0,5 og 1,0 i promille er lengda på fengselsstraffen mellom 14 og 21 dagar. Om du har over 1,2 i promille må du sone fengselsstraffa.

Artikkeltags