Dømd til fire år i fengsel for ein lang serie innbrot, mellom anna i Flora og Førde

KNUST: Slik ser det ut etter at huseigar spikra papp til vindauget etter innbrotet i Hjortefaret. Politiet ber publikum om hjelp.

KNUST: Slik ser det ut etter at huseigar spikra papp til vindauget etter innbrotet i Hjortefaret. Politiet ber publikum om hjelp. Foto:

FØRDE: Mannen skal ha vore med på eit innbrotsraid på Vestlandet, mellom anna i Flora kommune.

DEL

Ein utanlandsk statsborgar i 20-åra busett i fylket er i Sogn og Fjordane tingrett dømd til fire års fengsel for medverknad til ein serie innbrot på Vestlandet tidlegare i år, mellom anna fire innbrot i Flora kommune. Han må også betale offera til saman 280.000 kroner, og må tole inndraging av personbil og ein mobiltelefon.

I litt over ei veke på vårparten i år gjorde han seg skuldig i tolv grove tjuveri, tre forsøk på grove tjuveri, fire tjuveri og to brot på vegtrafikklova. Retten har ingen tvil om at det er snakk om mobil vinningskriminalitet.

Gripen i Bergen

Den no dømde inviterte ifølge dommen to andre personar frå heimlandet til Norge, for å delta i tjuveria. Desse skulle deretter returnere til heimlandet med tjuvegodset, og så skulle dei dele byttet. Mannen vart gripen utanfor Bergen nokre dagar etter siste innbrot. Han var då på veg til Bergen for å reise vidare derifrå til heimlandet sitt. Dei to andre klarte sleppe unna, og oppheld seg truleg i heimlandet.

I tingretten hevda den no dømde at han i januar i år vart ringt opp av ein barndomsven frå heimlandet, og spurd om han kunne huse to personar i ein periode på to veker, og køyre dei rundt til ulike stader i regionen. Under lovnader om 20.000 kroner, skal han ha gått med på dette. Men han angra seg, påstod han i retten, då han etter kvart skjønte at dette truleg handla om tjuveri eller annan kriminalitet. Då han forsøkte avlyse avtalen, skal han ha blitt truga av barndomsvenen. I løpet av vekene dei to personane frå heimlandet var hos han, køyrde han dei rundt. Men han hadde ingenting med tjuveria å gjere sjølv, hevda han. Og ved einskilde høve køyrde dei rundt utan han.

Hevdar han blei truga

Sentralt i bevisføringa var utskrifter frå ein kryptert meldingsapplikasjon den no dømde og dei to andre kriminelle brukte for å kommunisere seg mellom. I utskriftene blir det tydeleg at det faktisk er den dømde som har kontakta barndomsvenen i heimlandet, og bede han om å skaffe folk som skulle komme til Norge for å gjennomføre innbrotstjuveri.

Han melder også til barndomsvenen at han har sett seg ut fleire «lukrative» hus som kan er prima mål for innbrot. Det kjem også fram i dialogen at dei to personane som reiste til Norge er drivne innbrotstjuvar. Den dømde og dei to andre kommuniserer også seg mellom, mellom anna om korleis dei skal dele byttet.

Den dømde påstod i retten at det er ein annan person som har kommunisert ved hjelp av mobiltelefonen hans, men det festar ikkje retten lit til. I politiavhøyr seier den dømde tydeleg at det berre er han som har hatt telefonen.

Fire innbrot i Flora

Fire av innbrota fann stad i Flora kommune i løpet av den same natta på vårparten i år. To andre utanlandske statsborgarar vart først gripen og varetektsfengsla, mistenkt for innbrota, men dei vart sjekka ut av saka og har ingenting med den no dømde å gjere.

To av innbrota skjedde i same nabolag utanfor Florø sentrum. Ved eine adressa braut dei seg inn i huset og stal mellom anna ein Macbook, hodetelefonar og ein drone. Ved den andre bustaden i gata stal dei ein stjernekikkert, ein iPhone, ein Macbook Air og hovudtelefonar. Den dømde skal ha sett av dei to innbrotstjuvane, og venta til dei var ferdig. Deretter skal han ha køyrd dei til neste adresse. Ved det neste huset tjuvane oppsøkte stal dei mellom anna ei klokke, eit lommeur, smykke og øyredobbar. Ved den fjerde adressa stal dei fleire smykkeskrin med smykke, søljer, ringar og øyrepynt. Innbrota verkar profesjonelle og klinisk utførte.

Svært lite av tjuvegodset har komme til rette att, såleis lykkast innbrotstjuvane med å gjennomføre planen sin.

Artikkeltags