Dømd for å oppbevare hasj og jobbe utan arbeidsløyve

DEL

Ein mann i 30-åra er i Sogn og Fjordane tingrett dømd til fengsel i 21 dagar for oppbevaring av narkotika og for å arbeidd utan opphalds- eller arbeidsløyve. Fullføringa av straffen blir utsett med ei prøvetid på to år. Han må også betale sakskostnader. Den daglege leiaren for selskapet han arbeidde for er dømd til å betale 6000 kroner i bot, og sakskostnadene.

Dei tiltalte sa seg ikkje skuldige då rettforhandlingane starta. Mannen vart gripen, og under avhøyret sa han at han kunne hente noko hasj som han delte med ein kompis. Han skaffa til vegs kring 24 gram hasj, men i retten hevdar han at dette ikkje var hans men kompisen sin. Det trudde ikkje tingretten på, for i avhøyret med politiet forklara mannen at han og kompisen eigde hasjen saman.

Han er også dømd for å ha arbeidd utan norsk opphalds- eller arbeidsløyve i selskapet til kvinna han er gift med. Under ein aksjon frå skatteetaten, vart han observert medan han jobba i lokalet saman med den daglege leiaren. Under aksjonen forklarte mannen at det var betre at han jobba enn at han dreiv med kriminalitet. Men i tingretten hevda begge dei tiltalte at han ikkje jobba der, berre at han var der med kona si. Dette festa ikkje retten lit til.

Artikkeltags