20-åring dømd til eit halvt års fengsel etter stygg valdsepisode

Artikkelen er over 1 år gammel

FØRDE: Ein 20-åring og kameratane slo ein mann medvitslaus.

DEL

Ein mann i 20-åra frå Sunnfjord er i Sogn og Fjordane tingrett dømd til fengsel i fem månader, for ein valdsepisode under eit arrangement i fjor sommar. Saman med andre slo den no dømde ein mann i hovudet slik at han vart medvitslaus og braut nasen. I retten sa mannen seg skuldig.

Både den dømde, kameratane hans og manne som vart slegen ned var påverka av alkohol den gjeldande dagen. Ein av kameratane til den dømde forklarte i retten at han var forbanna på offeret, fordi han skulle ha forulempa mor hans. Gjengen oppsøkte den fornærma for å konfrontere han med dette. Kameraten skal ha teke tak i mannen og spurt kva han held på med, før han dermed blei lagt i bakken. Der vart han sparka og slege utan at han, ifølge vitne, gjorde motstand. Deretter forlet kameratgjengen staden, medan den fornærma låg att blødande og medvitslaus. Ambulanse og politi kom til staden, og den fornærma vart sendt til sjukehus.

Retten finn det bevist at den no dømde skal ha påført minst tre til fire knyttneveslag mot hovudet til den fornærma. Det forklarte mannen sjølv under politiavhøyret.  Kameraten til den dømde har sjølv blitt dømd for valdsepisoden.

Artikkeltags