Politiet meiner 60-åringen køyrde i fylla. Mannen hevdar ein framand køyrde han.

TINGRETTEN: Får ikkje attende sertifikatet før saka om han er avgjort.

DEL

Politiet får lov til å halde attende førarkortet til ein mann i 60 åra frå Sunnfjord til i slutten av januar neste år. Det har Sogn og Fjordane tingrett avgjort. Før det skal rettssaka mot han vere over.

I sommar fatta politiet mistanke om at mannen hadde køyrd med promille. Då dei kom over han ved ein privatadresse, hadde mannen ein promille på 2,55. Den sikta nektar på si side for å ha køyrd bil den aktuelle kvelden, og har forklart til politiet at han skal ha blitt køyrd frå sin eigen heim til denne privatadressa av ein framand mann. Etter dette skal han ha drukke ei halv flaske whiskey.

På den andre sida har eit vitne observert mannen køyrande i bilen, og at han sjangla medan han heldt ei flaske brunt brennevin i handa då han kom ut av bilen. Den sikta skal også ha sagt til vitnet at han hadde fyllekøyrd.

Sogn og Fjordane tingrett legg til grunn at mannen fleire gonger har endra sin forklaring om korleis han kom til denne privatadressa. Det gjer til at dei meiner den sikta mest sannsynleg har køyrd sjølv.

Den endelege dommen i saka om promillekøyringa er ikkje avsagt.

Artikkeltags