60-åring dømd for rattfyll. I retten hevda han at ein ukjend forbipasserande hadde køyrd han.

FYLKET: Mannen må også betale ei klekkeleg bot.

DEL

Ein mann i 60-åra er i Sogn og Fjordane tingrett dømd til fengsel i 30 dagar for å ha køyrd i fylla, men han slepp sone desse med ei prøvetid på to år. Han må også gjennomføre eit program mot ruspåverka køyring. Han har heller ikkje lov til å køyre bil i desse to åra, og må avlegge ny førarprøve om han skal ha sertifikatet attende. Mannen må også betale ei bot på 20.000 kroner.

I retten sa mannen seg ikkje skuldig etter tiltalen. Han forklarte at han den aktuelle kvelden ønskte å besøke ein kjenning, og spurde ein tilfeldig forbipasserande om vedkommande kunne køyre han. Personen tok på seg oppdraget og køyrde den no domfelte, i den domfelte sin eigen bil. Då han kom fram, forsvann «hjelparen». Den domfelte kunne ikkje hugse namnet på vedkommande, og han hadde aldri sett personen før heller og har ikkje sett han etterpå. Skildringa av vedkommande var også relativt vag.

Retten festar ikkje lit til denne forklaringa. Dei meiner mannen køyrde sjølv. Først og fremst på bakgrunn av vitneskildringa frå mannen sin bekjende. Ho fortalde at ho såg at bilen blei parkert på parkeringsplassen, og at den no domfelte kom ut av førardøra på bilen, og gjekk sjanglande med ei whiskyflaske i handa. Han skal også ha fortalt henne at han hadde køyrd dit.

Då politiet kom til staden, forklarte mannen først at ein i familien hans hadde køyrd han dit. Politiet ringde vedkommande, og fekk dette avkrefta. Og då det vart teken blodprøve av mannen, erkjende han at han hadde køyrd i fylla. Blodprøven som vart teken mellom 1 og 2 timar etter køyringa, viste ein promille på 2,55.

Artikkeltags