40-åring må sone etter å ha køyrd i fylla
Ein mann i 40-åra er i Sogn og Fjordane tingrett dømd til å sone 24 dagar i fengsel for å ha køyrd medan han var påverka av alkohol. Han må også betale ei bot på 30.000 kroner og misser førarkortet i to år.
I januar i år vart han teken i Florø med ein promille på 0,88. I retten tilstod mannen alt.
Mannen hadde med seg passasjer i bilen, det aukar straffa betydeleg. Han er også tidlegare bøtelagd.