Tok beroligande medisinar og sette seg bak rattet. No må han sone i 21 dagar.

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Ein mann i 40-åra frå Sunnfjord er i Sogn og Fjordane tingrett dømd til 21 dagars fengsel for å køyre i rusa tilstand. Han må også betale 45.000 kroner i bot, og misser retten til å køyre i ein periode på to år. Han må også ta ny førarprøve for å få sertifikatet attende.

Mannen vart stoppa av politiet tidlegare i år. Blodprøver av mannen viste at han hadde teke dei sterke medisinane diazepam og N-desmetyldiazepam. Diazepam er også kjend som vival eller valium. Denne blodprøven var teke nesten halvanna time etter at han vart stoppa, og viste at han hadde 3,020 umol/l diazepam i blodet. For diazepam svarar til 1,200 umol/l ein promille på 1,2. N-desmetyldiazepaminntaket hans samsvarte ein promille på 0,5.

I retten tilstod mannen alt, og forklarte at han ikkje visste at han ikkje kunne køyre etter inntak av medisinane. Medisinane var ikkje skriven ut til han.

Artikkeltags