Har tatt grep, fekk mildare straff for kjøp og oppbevaring

Artikkelen er over 1 år gammel

Floramann fekk mildare dom fordi han er under rehabilitering.

DEL

Ein mann i 40-åra frå Flora stod i Sogn og Fjordane Tingrett tiltalt for å ha kjøpt og oppbevart 95 gram hasj og 129 Rivotril-tablettar. Mannen avga full tilståing i retten og fekk dermed ein tilståingsdom. Mengda av narkotika tilsa i utgangspunktet 45 dagar ubetinga fengsel, og i skjerpande retning vart det peika på at mannen var dømd for liknande forhold tidlegare, sist ei bot frå 2015. I formildande retning vart det lagt vekt på at mannen erkjende straffeskuld og at han har vore ein tung rusmisbrukar over mange år. Det vart difor lagt til grunn at stoffa var til eigen bruk.

Men mannen sin livssituasjon er ein annan i dag, då han no har eit omfattande opplegg rundt seg, og har vore rusfri sidan nyttår. Under tvil kom retten difor til at rehabiliteringssituasjonen gjer at ei betinga straff er det rette.

Dermed ende dommen på 45 dagar betinga fengsel, med ei prøvetid på to år.

Artikkeltags