Fekk nok ein betinga dom for narkotika

Fordi mannen i 40-åra har tatt tak i livet sitt, meiner retten.

DEL

Mannen har ei lang ruskarriere bak seg, med fleire domfellingar - seinast i 2015. Mannen vart då idømd 45 dagars betinga fengsel med ei prøvetid på to år. Tilhøva mannen no stod tiltalt for, gjekk alle føre seg i prøvetida.

Til saman måtte mannen svare for å ha hatt befatning med 89 gram amfetamin og 328 gram hasj, og for bruk.

Mannen avla ei tilståing utan atterhald, og hadde på førehand samtykka i tilståingsdom. Retten peikar på at kvantumet med amfetamin åleine kvalifiserer for ei fengselsstraff på i underkant av eit år, medan hasjmengda tilseier mellom 75 og 90 dagar.

"Medrekna den betinga dommen frå 2015 er retten einig med påtalemyndigheita i at utgangspunktet for straffa bør vere fengsel i noko over eitt år", heiter det i dommen. At han har vore domfelt fleire gongar tidlegare for liknande forhold, talde med i skjerpande retning.

Men samstundes vart det lagt vekt på at mannen gav ei tilståing utan atterhald, og at saksbehandlingstida for nokre av forholda han stod tiltalt for, har vore lang. Det første var frå hausten 2015. Mannen fortalde at den lange saksbehandlingstida har vore ei påkjenning for han.

Dermed fann retten å kunne gjere straffa betinga, med eit vilkår om at mannen held fram med eit narkotikaprogram med domstolskontroll. Sidan april i år har mannen levert reine urinprøver og er i arbeid. Retten betraktar mannen som motivert for å gjennomføre.

Dermed vart mannen dømd til betinga fengsel i ni månader med ei prøvetid på to år, under føresetnad av at han gjennomfører narkotikaprogrammet.

Artikkeltags