– Då er vi endeleg i gang med Docen 2

    Foto: David E. Antonsen

    Artikkelen er over 2 år gammel
    DEL

    Tysdag byrja ein så smått med rivinga av dei to kommunale bustadane i Markegata, der Docen 2 vil reise seg. Flora kommune har hatt eit stort press på eldreomsorga den siste tida. Mykje av årsaka er at det er stor mangel på omsorgsbustader i kommunen. Dette skal Docen II bøte på.

    – I november 2018 skal Docen 2 stå ferdig her. Det er ei kjærkomen utbyggign vi har venta lenge på. I dag er ein gledens dag å få markere oppstarten, seier ordførar Ola Teigen (Ap). Han sette seg sjølv bak spakene i gravemaskina, for å byrje rivinga.

    Resten av rivingsarbeidet vil entreprenør Trygve Ullaland gjere etter kvart som dei har fått kopla frå vatn og avløp. Det er ein møysam prosess, der alle materiala må kjeldesorterast.

    LES OGSÅ: Snart klart for riving

    Artikkeltags