– Statoil gjekk ut med ein stor bodrunde på all matforsyning i Nordsjøen og Haltenbanken, til saman 14 plattformer. Kontrakten har ein verdi på vel 470 millionar kroner, og av dette fell ca. 250 millionar på Safari Engros i Florø, fortalde Harry Ertresvaag på basen i går. Han er Statoil sin forpleiingsleiar.
560 000 hotelldøgn
Ertresvaag la til at kontrakten er inngått med Servicegrossistene og gjeld frå 1. mars 2005 til 1. mars 2008, med opsjon på 3 x 1 år, og han var glad for å ha Safari tilbake som leverandør. Dei har vore inne i 12 år tidlegare og ytt framifrå service.
For å illustrere storleiken kan ein sei at kontrakten svarar til forbruket på 530 000 hotelldøgn, stigande til 560 000 døgn. Det er meir enn heile Stavanger by sin kapasitet i eitt år.
Servicegrossistene er ei gruppering av sjølvstendige grossistar som samarbeider om store oppdrag. D. Danielsen leverer til Draupne ut frå Stavanger, Aurosupply leverer til Troll frå Bergen (Ågotnes), og Safari sin del (som er større enn dei andre til saman) går på leveringa frå Florø til Tampen-området. Nordafor skal TP Engros i Kristiansund levere til Heidrun- og Åsgård-felta, og frå Sandnessjøen leverer firmaet Paul Nygård til Norne-feltet.
_.
Utbygging?
Som nemnt i tysdagsavisa skreiv Servicegrossistene ved Safari Engros sist måndag under ein kontrakt med fylkeskommunen og Helse Førde, verd 50–60 millionar. Og med gårsdagens fem gonger så store Statoilkontrakt på toppen, vil dagens bygg vere fullstendig sprengt.
Safari Engros har i dag 14 menneske i arbeid, og er leiande mellom Bergen og Ålesund på storhushaldning. Dei to nye kontraktane, og særleg Statoil-kontrakten, gjer at dei må auke på til rundt 20 når det lir ut på nyåret. I tillegg blir huset for lite, så det anten må utvidast. eller dei må skaffe seg eit større hus ein annan stad.
Kva som blir løysinga, vil ikkje Hollevikbrørne seie noko om førebels. Det må reknast både på byggekostnader og logistikk, og det må leggast snarlege planar.