Dobbel skateflaks

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

FLORØ: Det er ikkje alle som landar to forskjellige skate-artar på ein og same fisketur. Men med tysk tålmod har du sjansen.

DEL

Den tyske hobbyfiskaren Armin Hirsekorn fekk ein spesiell fangst nyleg. Opp av sjøen trekte han to flotte eksemplar av skate, og attpåtil av to ulike artar.

Fisken til venstre på biletet er ei piggskate (Raja clavata), som er mest utbreidd i Nordsjøen, men som også finst i vårt nærområde. Denne skatearten kan bli 18 kilo og 120 cm lang, og du kan finne den på svært varierande djupn; frå 20 meter og ned til over 500.

Den største av skatene er ei spisskate, også kalla spissrokke (Dptururs Oxyrinchus) og kan bli rundt halvannan meter. Det betyr at eksemplaret Armin fekk ved Nyttingnes er av den verkeleg store sorten. Spisskata lever vanlgevis i Aust-atlanteren, og er vanleg på vest- og sørkysten av Norge. Den kan leve heilt inne på grunnene, men også ned mot heile 900 meter.

Armin Hirsekorn er ein røynd fiskar som i mange år har feriert på Nyttingnes med kona si Renate.

Og for dei som trur Armin berre har fått «ufisk»: Då har dei ikkje smakt skatevinger...

Artikkeltags