Diskuterte økonomien med Erna

- Ein god sjanse for oss i fylket til å få synleggjort kva som er viktig for Sogn og Fjordane, seier Høgres Noralv Distad om møtet dei hadde med statsminister Erna Solberg torsdag. Her er fylkesleiar Arve Mjømen og stortingsrepresentant Bjørn Lødemel i lag med statsministeren. På møtet deltok også   Noralv Distad, Bjørn Hollevik som 1. vara til Stortinget, Frida Melvær (ordførar Askvoll), Olve Grotle (ordførar i Førde), Ole Gunnar Krakhellen (ordførar i Solund) og fylkessekretær  Ingvar Torsvik Myrvollen.

- Ein god sjanse for oss i fylket til å få synleggjort kva som er viktig for Sogn og Fjordane, seier Høgres Noralv Distad om møtet dei hadde med statsminister Erna Solberg torsdag. Her er fylkesleiar Arve Mjømen og stortingsrepresentant Bjørn Lødemel i lag med statsministeren. På møtet deltok også Noralv Distad, Bjørn Hollevik som 1. vara til Stortinget, Frida Melvær (ordførar Askvoll), Olve Grotle (ordførar i Førde), Ole Gunnar Krakhellen (ordførar i Solund) og fylkessekretær Ingvar Torsvik Myrvollen. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Sentrale Høgre-politikarar frå fylket fekk i går møte statsminister Erna Solberg. Dei varsla kutta i overføringane til fylkeskommunen var naturleg nok eit av fleire tema.

DEL

Møtet kom i stand etter initiativ frå Erna Solberg sjølv.

- Det er flott at statsministeren inviterer til eit slikt møte. Hoer oppteken av tilbakemeldingar og innspel. For oss gir det høve til å få løfta opp saker som er viktige for oss, både i eit fylkes- og kommuneperspektiv, seier Høgres Noralv Distad.

Sakene som blei diskutert var den krevjande situasjonen for Sogn og Fjordane med det komande nye inntektssystemet for fylka, der vårt fylke kan risikere å bli ein stor tapar. Også endringar i bereskapsorganiseringa.

Men det blei også diskutert meir offensive tema, som korleis Sogn og Fjordane i framtida skal utnytte naturressursane til vidare verdiskaping.

- Vi brukte tid på både næringsutvikling og sjølvsagt var samferdsle og vegutbygging tema. Fleire av tinga vi diskuterte er knytt opp mot saker som regjeringa har til handsaming, sett opp mot haustens arbeid med statsbudsjettet, fortel Distad, utan å gå meir i detalj.

Artikkeltags