Gå til sidens hovedinnhold

Difor blei ho gründer

Artikkelen er over 6 år gammel

- Oppveksten i Florø hadde alt å seie, fortel suksess-gründer Silje Vallestad.

Dette seier Silje Vallestad til IT-forum ei veke før ho skal halde føredrag på konferansen i Førde.

- Med det meiner eg at Florø gav meg høve til å vere leiar tidleg. Eg jobba med ungdomspolitikk og fekk høve til å være redaktør for avdelingar i både Firdaposten og Radio Stabben i veldig ung alder, seier Silje.

No for tida har ho teke ein annan "nesten-sambygding" under vengjene sine i basen sin i Silicon Valley i California. I sommar fortalde Firdaposten om den unge Svelgen-jenta Alice Holm, som har fått sjansen hjå Vallestad som trainee, rett frå vidaregåande skule.

Styrke for småplassar

- Å få slike moglegheiter, med tillit og støtte frå politikarar og andre gav meg trua på at eg kunne gjennomføre og leie, seier Silje.

Og akkurat her meiner ho dei små distriktssamfunna har eit konkurransefortrinn andsynes storbyane.

- Små byar har mulegheit til å gi ungdom denne fantastiske ballasten som få store byar har, konstaterer ho.

- Dei unge må ut

No håpar ho at fleire unge gjer som både ho sjølv og Alice Holm har gjort: At dei kjem seg ut og får internasjonal inspirasjon.

- Fram Flora har gitt Alice frå Svelgen eit stipend i høve opphaldet hennar her hjå oss. Fleire bør gjevast denne moglegheiten, og på den måten trur eg at gründermiljøet i Sogn og Fjordane veks over tid, seier Vallestad, som du altså snart kan høyre i Førde.

Ho gjestar fylkets IT-forumkonferanse, den 20. i rekkja, og konferansen går av stabelen på Rica Sunnfjord Hotel 1. og 2. oktober.

Kommentarer til denne saken