- Vedtaket om å føre E39 over Hareid med sikte på eit framtidig HAFAST er klokt og framtidsretta. Denne løysinga vil samle trafikken frå E39 og kystvegen på ei felles fjordkryssing, noko som vil gi størst nytteverdi av ei ferjefri fjordkryssing. Det meiner Eivind Hjellum, sekretær for Kyststamvegen AS. Han trur avgjerda vil styrke Kyststamvegen, ikkje berre fordi denne løysinga også blir ein del av Kyststamvegen og noko selskapet Kyststamvegen Bergen-Ålesund har arbeidd for.
Ferjefritt samband over Sulafjorden vil samle Sunnmørsregionen og kople saman det maritime industrimiljøet på Søre Sunnmøre med Ålesund og kommunane rundt Ålesund. For næringsliv og kystkommunane lenger sør vil HAFAST bety kortare og raskare veg til Ålesund og positive ringverknader kan spreie seg til kystregionen i Sogn og Fjordane. Som kjent blir det arbeidd med fjordkryssingsprosjekt både på Rovdefjorden og ytre Nordfjord som saman med HAFAST vil gi ferjefri kystveg frå Ålesund til Florø. Og sjølv om Hafast er berekna å koste 20 milliardar kroner trur Hjellum at dette berre vert endå eit argument for ei satsing på Kyststamvegen fordi ein då vil få endå meir utvikling og samhandling i industrimiljøa som ligg på kysten.
Vedtaket er det viktigaste som er hendt for kystvegen så langt» seier ein oppglødd Bengt Solheim – Olsen, ordførar i Flora i pressemdlinga til Kystvegen. Og styreleiar i Kystvegen Ålesund – Bergen. Ordførar Anders Riise i Hareid, som også er styremedlem i Kystvegen er godt nøgd med vedtaket:
- For Hareid og omlandet er dette det viktigaste samferdselvedtaket nokonsinne og inneber ein ny glød for både næringslivet og innbyggjarane. Vedtaket gjev og eit vesentlig bidrag til regionforstøring og halde på ungdomane våre. No er det viktig å ikkje stanse her, men løyve tilstrekkelig med planmidlar og gjennomføringskraft bak vedtaket.