Gå til sidens hovedinnhold

Dette er saka:

Artikkelen er over 17 år gammel

Den landsdekkjande organisasjonen ”Gruppen til familiens selvstendige rett”, som jobbar for nedlegging av barnevernet, har lagt ut ei liste med namn på nærare 160 tilsette i barnevernet landet rundt.

Personane på lista skal ifølgje organisasjonen ha mange klagesaker på seg og vere ute av stand til å handle objektivt i arbeidet sitt, og fleire av dei skal ha vore stevna for retten tidlegare. ”Gruppen til familiens selvstendige rett” vil difor åtvare mot desse barnevernsarbeidarane.

Seks av dei 160 svartelista barnevernsarbeidarane jobbar i Sogn og Fjordane.

Saka har florert i media dei siste vekene, og fleire kommunar vurderer no å saksøkje organisasjonen.