Det brenn, kven eig brannen?

Varabrannsjef Eivind Ask.

Varabrannsjef Eivind Ask. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Tenk deg at du ser at det brenn. Du ringer 110. Kven har ansvaret då?

DEL

Når det stiller fleire sivile enn det gjer frå brannvesenet under ein brann, betyr dette at det er dei sivile som har ansvaret? Og kven betaler rekninga? Vi kontakta fagfolk for å finne svaret.

Tar spakane fatt

Når sivilforsvaret stiller i Flora, er dei rundt 25 personar. Er hendinga alvorleg nok til at dei nyttar full styrke, er dei rundt 60 folk. Fem personar er alltid på vakt hos Flora brannvesen. I tillegg blir ei rekkje andre instansar kontakta, mellom anna redningshelikopteret, redningsskøyta, Røde Kors og så vidare.

– Det er alltid brannvesenet i den kommunen det brenn i som har ansvaret. Dei eig hendinga, forklarer Eivind Ask, varabrannsjef i Flora i sommar. Slik var det og då det brann i Bremanger før helga. Då hadde innsatsleiar Stig Holm ansvaret, og tok spakane fatt. Bremanger brannvesen var først ute og starta sløkkinga. Etter to-tre timar kom sivilforsvaret og bidrog.

Hadde brannvesenet vurdert hendinga som svært alvorleg, med umiddelbar fare for menneskeliv eller store økonomiske tap, kunne ansvaret derimot blitt flytta til hovudredningssentralen i Sola.

Avhengige av dugnadsånd

Brannstasjonane er lovpålagde til å stille opp for kvarandre, så sant dei kan.

– Det som så skjer, fungerer som ringar i vatn. Det begynner på brannstasjonen i kommunen, og så spreier det seg utover til dei andre instansane, seier Ask. Her speler dei frivillige ei viktig rolle.

– Sivilforsvaret til dømes, har store ressursar og kapasitet til å hente inn folk frå heile fylket og potensielt heile landet. Det må vere sånn at dugnad speler ei stor rolle. Det er dugnadsånda dette landet er bygd på, og sånn vil det alltid vere, seier Ask.

Og forklaringa finst i pengane.

Rekninga går til ...

Av alle instansane som tek del i ein større brann, er det berre brannvesenet som er betalt av kommunen.

– Beredskap er svært dyrt, så vi må vurdere i kva grad det faktisk er nødvendig, seier Ask.

Er brannen er så alvorleg at hovudredningssentralen tek over ansvaret, er det staten som tar rekninga. Viss ikkje, må kommunen dekke rekninga. For helikopter kan rekninga bli på rundt ein halv million kroner.

Laurdag skreiv Firdaposten om at det ikkje var aktuelt med helikopterstøtte under brannen ved Rognen i Bremanger.

– Viss brannen hadde vore meir alvorleg, kan vi vere trygge på at hovudredningssentralen hadde vurdert å sette inn helikopter, seier Ask.

– Då hadde rekninga gått til staten. Og det må folk forstå. Det høyrest brutalt ut, men det handlar om kor rekninga går.

Artikkeltags