Den nye Floraordføraren heiter Bengt-Solheim-Olsen

FANN KVARANDRE: - Vi fekk god uttelling i forhandlingane og hadde rett og slett god kjemi, seier Jan Henrik Nygård i Venstre. No skal Høgre og Venstre styre Flora i lag og Nygård som varaordførar blir tilsett i ein 50 prosent stilling med kontor på rådhuset vegg i vegg med Bengt Solheim-Olsen.

FANN KVARANDRE: - Vi fekk god uttelling i forhandlingane og hadde rett og slett god kjemi, seier Jan Henrik Nygård i Venstre. No skal Høgre og Venstre styre Flora i lag og Nygård som varaordførar blir tilsett i ein 50 prosent stilling med kontor på rådhuset vegg i vegg med Bengt Solheim-Olsen. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Venstre som stod på vippen etter valet har bestemt seg. Dei valde Høgre og Bengt Solheim-Olsen. 20 år med Arbeidarparti-styre er no over og eit blågrønt partnerskap tek sikte på å løfte Flora opp og fram.

DEL

Det drygde før Venstre tok avgjerda, men fredag kveld etter at Firdaposten hadde gått i trykken, gjekk Venstre til Høgre og Bengt Solheim-Olsen.

Klokka 18.30 fredag kveld ringte Venstre sin forhandlingsleiar Harald Lindvik til ordførar Bente Frøyen Steindal og fortalde at dei hadde bestemt seg for å inngå avtale med Høgre. Som Bengt Solheim-Olsen fortalde etter valsigeren ville han vere raus i forhandlinga om posisjonar. Det var ein lovnad som skulle halde stikk.

Raus valvinnar

Høgre tok tydelegvis ingen sjansar når dei etter 20 år hadde sjansen til å gripe makta i Flora. Venstre fekk varaordføraren, men etter ei ny ordning som vil utgjere ei 50 prosent stilling. Den skal finansierast ved at dei trekk bort ordninga ordføraren har hatt med ein politisk sekretær. Karianne Torvanger har hatt denne i dag. Varaordførar Jan Henrik Nygård skal no få kontor i rådhuset og ha sine områder å jobbe med. Dette skal i høve til rammeskissa Høgre og Venstre har lagt fram vere næring, distrikt, miljø og energi.

I tillegg har Venstre fått tre medlemmer i formannskapet. Like mange som Høgre vil sitte med. Dei er i ei pressemelding samde om ei felles politisk plattform. Detaljane vil dei komme attende med.

Tenker langsiktig

Den nye ordføraren fortel han ønskjer eit langsiktig samarbeid og har difor ønskt å skape eit partnerskap med Venstre der dei blir likverdige partnarar med eit felles mål og dei er tydlege på at dei har ein solid politisk plattform å gå vidare på. Jan Henrik Nygård fortel dei fann raskt god kjemi med Høgre og derigjennom grunnlag for eit fruktbart samarbeid.

- Vi i Venstre er gode på samarbeid, noko vi må vere utfrå storleiken vår. I alle høve om vi har ambisjonar om å påverke politisk, fortel Nygård. Bengt Solheim-Olsen gav uttrykk for at han ønskte eit samarbeid som strekte seg utover dei kommande fire åra. Det ville ikkje Nygård utelukke.

- Vi liker å sjå fire år av gangen. Det har vi gjort gjennom samarbeidet med Arbeiderpartiet dei fire siste. Når vi summerer opp etter fire år håpar eg sjølvsagt at samarbeidet er så fruktbart at vi vil halde fram, seier Nygård.

- Vi også ville samarbeide med Venstre

Sittande ordførar Bente Frøyen Steindal fortalde dei gjerne ville samarbeide med Venstre, men at dei ikkje fekk starta forhandlingane før Venstre hadde inngått avtale med Høgre.

- Vi har ikkje vore i forhandlingar med Venstre etter valet, fortalde sittande ordførar Bente Frøyen Steindal. Ho fortalde det dei hadde gjort var å legge fram eit krav om at dei skulle ha ordføraren. No må Frøyen Steindal finne seg ny jobb etter nesten ti år i rådhuset.

- Er du bitter for at Venstre gjekk til Høgre etter at de har samarbeidd i fire år?

Ikkje bitter

- Nei det er eg ikkje. Men det er klart at ut frå valresultatet kunne eg ikkje godta at Venstre skulle få ordføraren. Svaret etter valet var at ordføraren måtte bli meg eller Bengt Solheim-Olsen. No valde Venstre å gå til Høgre og det er berre slik det er. Eg vil ønskje Bengt Solheim-Olsen lukke til som ny ordførar i Flora, fortel Bente Frøyen Steindal på veg til hytta i Steindalen.

Jan Henrik Nygård fortel at dei etter møtet med forhandlingsutvalet til Arbeiderpartiet fekk presentert eit absolutt utgangspunkt dei ikkje kunne akseptere.

- Forslaget frå Arbeidarpartiet var slik utforma at vi ikkje kunne gå vidare på det, seier han.

Dei politiske posisjonane dei fekk frå Høgre var langt betre. Det var også grunnen til at dei no har inngått partnerskap.

Økonomistyring, tilflytting og vekst

Å få kontroll på økonomien blir det viktigaste for den nye blågrøne blokka som skal styre Flora. Deretter handlar hovudtrekka om å sikre meir aktivitet i kommunen og å auke tilflyttinga.

Artikkeltags