Det har lenge vore klart at kommunen sin største barneskule, som fyller 80 år til neste år, er sprengd.

I bystyret i førre veke vart det vedteke at Florø barneskole skal få til saman 11,5 millionar kroner over to år for å bygge nye, sårt tiltrengde, klasserom og gjere eit par av dei minste av dei eksisterande klasseromma om til grupperom.

- Løyvinga er nærast historisk, ein må over eit tiår tilbake i tid for å finne tilsvarande investeringsvilje på Florø barneskole. Men totaliteten på investeringar kunne vore veldig mykje betre med ei annan prioritering, seier Martin Ramsdal.

- Vi er kjempeglade for løyvinga, fordi barneskulen verkeleg treng denne utbygginga. Men det er ei glede med bismak, for samstundes veit vi at dette gjer at skulen på Knapstadmarka havnar enno lenger ned på lista, seier Rognsø.

For dei to foreldrerepresentantane meiner det er heilt gale å bruke eit tresifra tal millionar i Eikefjord, når behovet er så skrikande i sentrum.

- At ein kjem til å bruke oppunder ein million kroner per elev der, medan løyvinga til barneskulen utgjer ca. 20.000 kroner per elev, burde fortelje politikarane at ein burde bruke meir pengar der trykket er størst, seier Ramsdal.

Han er klar over at summen ikkje er så høg i dag, men er overbevist om at den vil havne på eit slikt nivå før ein er i mål. Han meiner den optimale løysinga ville vere å droppe ungdomsskule i Eikefjord, og heller sende desse elevane til Florø, der det er kapasitet til å ta i mot dei. Kommunalsjef for kultur og oppvekst, Guri Langaas, bekreftar ovanfor Firdaposten at Flora undomsskule har kapasitet til å ta i mot Eikefjord-elevane. Dei frigjorte midlane vil han bygge barneskule på Knapstadmarka for.