Debut med fotoutstilling i Svelgen

Anita Ingebrigtsen.

Anita Ingebrigtsen. Foto:

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

SVELGEN: Då Anita M. Ingebrigtsen (35) vart permittert frå jobben i Navic AS, fekk ho tid og rom til å realisere ein draum: Å kunne jobbe som fotograf.

DEL

- No går det unna her. Ingenting er som det skal.

Det seier ei lettare stressa Anita Ingebrigtsen frå Svelgen, to dagar før ho skal stille ut dei maleriske fotografia sine frå Bremanger på hotellet.

Ho er spent. Verkeleg spent. Og det byrjar å haste med å få alt i orden til den store dagen.

For ting går dessverre ikkje heilt etter planen. Som på onsdag, då ho måtte køyre eins ærend til Breim for å hente 300 av bileta som ho skal selje på utstillinga. Dei hadde produsenten klart å skrive ut i feil format. Og posten klarte ikkje levere dei i tide.

- Det er så mykje rot at du ikkje vil tru det, sukkar Anita.



Snur det negative


Bak utstillinga «maleriske motiv» ligg det ein personleg kamp om å realisere seg sjølv. Og om vilje til å snu noko negativt til noko positivt.

For Anita, som flytta til Svelgen i 2001, jobba fram til i sommar som prosjektleiar i Navic AS. Då byrja finanskrisa å prege Elkem Bremanger, som Navic jobbar tett opp mot. I takt med at omnar vart stengde og Elkem-tilsette vart sendt ut i permisjon, måtte Navic kutte. Og Anita vart permittert.

-Då var tida inne for å gjere det eg har drøymt om lenge: Eg ville utvikle meg som fotograf. Det var berre å hoppe i det, eg hadde ingenting å tape. Eg hadde tid og rom til å gjere det. Så permisjonen har meir eller mindre gjort at eg no har starta mi eiga fotobedrift, smiler Anita.

Utviklar forretningsideen


Det siste halve året har ho brukt til å utvikle forretningsideen og byggje seg opp ein portefølje. Og verksemda hennar, Fotograf Anita M Ingebrigtsen, har så smått byrja å sjå dagens lys.

-Det å ha mi eiga fotoverksemd er ein draum eg alltid har hatt. Og å kunne styre min eigen kvardag har alltid vore forlokkande. Tenk å kunne jobbe i fjellet på godversdagane, og sitje på kontoret når det regnar ute. Det er ein fridom eg alltid har drøymt om, seier Anita.

Ideen har lege i dvale i sinnet hennar heilt frå den tida Anita, opphavleg frå Sandsøy i Troms kommune, gjekk på gymnaset.

-Då eg skulle vere utvekslingsstudent i Tyskland, skaffa eg meg kamera. Eg ville dokumentere året mitt og tok ekstremt mange bilete. Då eg kom heim og viste fram bileta, vart dei veldig godt motteke. Folk synest dei var fine, seier ho.

Dette skapte ein kime til inspirasjon som har vakse seg større og større.

Stiller ut bileta sine


Resultatet av dette kan du få med deg på laurdag. Om alt går etter planen, vil då 23 av bileta hennar henge på veggene på Svelgen hotell;23 bilete av i alt 40.000 motiv ho har festa til film i Bremanger, ein kommune som er ei uuttømmeleg kjelde til vakre landskapsmotiv.

-Det er utruleg mykje fint å ta bilete av her, og ein treng ikkje gå langt heller. Dei finaste bileta mine har eg teke rett ved vegen, seier ho og ler.

-Det er ikkje så vanskeleg å få gode komposisjonar i Bremanger. Her omkring Svelgen er det vanvittig mange fjell og formasjonar som skaper interessante motiv, seier ho.

Er kanskje skaporiginal


Det er mykje Anita må tenkje over når ho er ute og tek landskapsbilete.

-Detaljrikdom og djupn i biletet er viktig. Spesielt når eg tek portrettbilete av folk, er eg ute etter augneblinken, den vesle detaljen i andletet som får fram eit heilt spesielt uttrykk, eller ei anna side ved den personen, smiler Anita.

Fargar speler også ei veldig viktig rolle. Og det er det mykje av i Bremanger, poengterer ho. Også i Svelgen, som for mange fortonar seg som ein heller grå og trist industristad.

-Svelgen er langt frå grå og trist, slik mange meiner. Ser du på bileta mine, ser du at Svelgen kler seg i alle fargane på fargekartet.

-Er du sjølv ein fargerik person, sidan du er oppteken av fargar i bileta dine?

-Eg veit ikkje. Eg stikk meg nok ikkje ut i bygdebiletet, og er heller ingen bygdeoriginal. I verste fall ein skaporiginal. Eg trur ikkje eg er så fargerik akkurat, ler ho.

Framover kjem Anita til å halde fram med fotograferinga. Over nyttår byrjar ho også med ei bok, som skildrar Bremanger over eitt heilt år.

Sjå www.amifoto.no

Artikkeltags