Karoline (18) om debattklimaet i Vågsøy: – Vanlegvis er eg ikkje redd for å delta i debatten, men eg har ikkje tort delta i Kinn-debatten.

Karoline Kvalheim Myre (18) frå Vågsøy

Karoline Kvalheim Myre (18) frå Vågsøy Foto:

MÅLØY: – Vanlegvis er eg ikkje redd for å delta i ein debatt, men i debatten om Kinn har eg ikkje tort eller ønskt å uttale meg.

DEL

Det har vore ugreitt å vere vågsøyværing den siste tida: Skuldingar har hagla mellom dei som er opne motstandarar og opne tilhengarar av Kinn kommune. Andre har halde kjeft om sine meiningar, av frykt for å bli uthengt. Konspirasjonsteoriar og rykte om ulike politikarar har versert, og fleire i næringslivet har måtte ligge lågt i terrenget for ikkje å misse kundar.

Kraftig oppgjer

– Vanlegvis er eg ikkje redd for å delta i ein debatt, eller seie meiningane mine høgt. I denne debatten har eg ikkje turt eller ønskt å uttrykkje meg. Og eg trur ikkje eg er den einaste som føler det slik, seier 18 år gamle Karoline Kvalheim Myre frå Vågsøy til Firdaposten.

I eit lesarbrev tek den lågmælte men svært engasjerte jenta eit kraftig oppgjer med dei vaksne i heimkommunen som ho er så glad i. Ho har med stor interesse følgt med på kommentarfelta på Fjordenes Tidende og på Facebook, og likar ikkje det ho ser.

– Når folk i kommentarfelta prøver vere saklege, er det ofte nokre som går til personangrep på vedkommande fordi dei er ueinige i synspunkta. Det synest eg er dumt, for det er mange unge som følger med i debatten. Kva skjedde med å vere eit godt forbilde for barna og dei unge? Korleis skal dei lære å te seg skikkeleg på nett, om det er dette dei møter frå vaksne menneske? Korleis skal vi lære dei å hevde seg sjølv, om dei ser at menneske som gjer det blir hengt ut?

– Det gjer meg utrygg

Ho strekar under at ho er stolt over å vere vågsøyværing, men ho er ikkje like stolt over korleis einskilde vågsøyværingar har behandla andre på i debatten som har vore.

– Sidan eg var liten, har eg alltid hatt lyst til å flytte heim igjen etter studiane. Tilbake til trygge, vakre Vågsøy med alle dei flotte menneska. Men denne debatten gjer meg usikker. At enkeltpersonar heng ut andre på denne måten gjer meg utrygg. Eg veit at menneska i Vågsøy er flotte menneske, men det siste året har eg sett så mange forferdelege og sårande ord frå nokre av menneska her. Eg får vondt av å sjå kor langt dette har gått, seier ho og poengterer:

– Eg har alltid vore stolt av å vere frå Vågsøy, men eg har starta å tvile. Ver så snill. Vis meg, barna dykkar, og alle andre kvifor vi bør vere stolt av plassen vi kjem frå. Kor fint det eigentleg er å bu her.

– Ein vekkar for oss alle

Ei som har lest lesarbrevet til Karoline er ordførar Kristin Maurstad. Ho har stått på barrikadane som Kinn-forkjempar, og har sjølv fått merke skuldingar, kritikk og rykte på kroppen.

– Det har vore ei uro blant folket. Eg håper at vi no, etter vedtaket, kan legge dette bak oss og løfte blikket framover. Og eg håpar Karoline sitt lesarbrev kan vere ein vekkar for oss alle, seier Maurstad og stadfestar samstundes Karoline sine observasjonar:

– Vi har dessverre ikkje greidd å debattere Kinn på ein god måte. Debattklimaet har ført til at folk ikkje torer uttrykke seg, eller at dei trekker tilbake uttaler for å unngå meir bråk. Debatten vi har hatt i Vågsøy er ingenting å vere stolt av, seier ho.

Og ho er faktisk overraska over at floraværingane har hatt tolmod med vågsøyværingane gjennom dei siste månadane.

– Flora har blitt omtalt i såpass negative ordelag her i Vågsøy, at det tidvis har vore pinleg. Eg er berre glad for at vi har ein samarbeidspart i denne prosessen som har halde ut med oss. No håper eg berre vi vågsøyværingane kan samle oss og sjå framover, seier Maurstad.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags