Andreas (31) sette ny løyperekord under Troda Opp

RASKE: Mannen til høgre, Andreas Skulstad, slo til med ny rekord Troda Opp. Trym Dalset Lødøen var ikkje langt bak!

RASKE: Mannen til høgre, Andreas Skulstad, slo til med ny rekord Troda Opp. Trym Dalset Lødøen var ikkje langt bak! Foto:

DAVIK: Med tida 41.10 sette Andreas Skulstad frå Noragdalen IL ny rekord i Troda Opp på laurdag.

DEL

For dei som ikkje er lokalkjend i Davik kan vi fortelle at Troda er ein fjelltopp som ligg 954 meter over havet. Det er ein tur som er merka med raudt på ut.no, med andre ord er den krejvande for den gjenomsnittlege turgåar. Sjølvsagt har nokon kome på at dit kan vi leggje eit motbakkeløp. I år blei Troda Opp arrangert for femte gong, og det blei feira med ny løyperekord.

Det var Andreas Skulstad (31) frå Noragdalen som var raskaste mann opp løypa på 5 kilometer og 930 høgdemeter. Han brukte 41.10 minutt på vegen. Det er den raskaste turen som er registrert på Troda. Vi må likevel nemne at også 17 år gamle Trym Dalset Lødøen frå Haugen IL var rask på beina denne dagen. Han klokka inn på 43.05, under to minutt bak vinnaren.

I kvinneklassa var det Eirin Aasen Kvalheim (27) frå Måløy som var lettast på foten. Ho brukte 52.04 minutt på turen.

Været kunne nok ha vore betre i år. Yr hadde varsla kuling på toppen, men det var ikkje nok til å stoppe eit godt knippe med ivrige og entusiastiske mosjonsdeltakarar frå å ta turen. Yngstemann på toppen var ett år gamal, medan eldstemann var 86 år.


Artikkeltags