Troda er årets 4H-klubb!

Troda 4h: Her er gjengen på ei av samlingane i prosessen med å bygge naturmøteplass. Årets 4H-klubb fekk diplom og eit tinnkrus som vart utdelt på årsmøtet i 4H Sogn og Fjordane på Skei 12. februar.
foto: Geir Aardalsbakke

Troda 4h: Her er gjengen på ei av samlingane i prosessen med å bygge naturmøteplass. Årets 4H-klubb fekk diplom og eit tinnkrus som vart utdelt på årsmøtet i 4H Sogn og Fjordane på Skei 12. februar. foto: Geir Aardalsbakke

Artikkelen er over 2 år gammel

- Veldig kjekt! jublar leiar Knut-Olav Indredavik Karstensen (14).

DEL

2016 var eit særs aktivt år for klubben: Dei 15 medlemmene arrangerte 14 klubbmøte, 3 styremøte og deltok på 14 andre aktivitetar og samlingar, pluss 13 møte i naturmøteplass-gruppa, og heile 47 dugnader på naturmøteplassen.

– Hjelpa frå klubbrådgjevarane våre har betydd veldig mykje, smiler den unge leiaren. Og

Emil Forsberg (14), er heilt einig.

– Utan dei ville vi ikkje fått klubben til å fungere. Dei er engasjerte, og får til veldig mykje ilag med oss!

I tillegg til arbeidet med naturmøteplassen deltok 4H-medlemmene også med på fleire lokale arrangement, og i mai feira dei 3-årsdagen til klubben.

Den aktive klubben har også mange planar for 2017.

– Vi skal ferdigstille naturmøteplassen, vi skal ha aktivitet med ei lokal bedrift, vere med på 4H-dagen, delta på distrikts- og fylkesleir og ikkje minst arrangere haustfest, ramsar leiaren opp.

Fylkesstyret i 4H Sogn og Fjordane kårar årleg Nordfjord,- Sunnfjord- og Sognemeister blant klubbane i fylket. Ein vert vald til Årets klubb, og i år var det altså Troda.

Artikkeltags