DAT tapte sak mot staten

DANISH AIR TRANSPORT: DAT har hatt hand om Florø-rutene tidlegare. Men dei tapte desse etter at anbodsreglane blei endra på ein slik måte at Widerøe kunne vinne Florø-rutene ved å tilby seg å gjere jobben gratis.

DANISH AIR TRANSPORT: DAT har hatt hand om Florø-rutene tidlegare. Men dei tapte desse etter at anbodsreglane blei endra på ein slik måte at Widerøe kunne vinne Florø-rutene ved å tilby seg å gjere jobben gratis. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Danish Air Transport (DAT) tapte rettssaka mot Samferdsledepartementet, der dei meiner at anbodsprosessen har skapt monopol for Widerøe.

DEL

Det danske flyelskapet, som har drifta Florø-rutene til Bergen og Oslo i mange år, tapte ikkje berre desse rutene til Widerøe, men måtte også gje frå seg ruteflyging i Nord-Norge som dei i første omgang vann anbodet på. Årsaka var at Widerøe klaga på avgjersla fordi DAT ikkje kunne tilby satelittbasert innflygingssystem. Det fekk dei medhald i og DAT blei med det marginalisert som aktør i den norske flymarknaden.

DAT påstod i Oslo tingrett at anbodsprosessen ikkje følgde konkurransereglane, men det fekk dei ikkje medhald i. Dei må betale 225 000 kroner i sakskostnader.

Artikkeltags