DAT legg ned Florø-rute

No ser det ut til at DAT er ute av Florø.

No ser det ut til at DAT er ute av Florø. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Danish Air Transport (DAT) legg ned flyruta Florø-Stavanger frå 3. mai.

DEL

DAT har etter at dei mista konsesjonen på Florø-Bergen og Florø-Oslo til Widerøe, oppretta ei kommersiell rute mellom Florø og Stavanger for å fly oljearbeidarar.

Firdaposten kontakta DAT for å sjekke kvifor det ikkje gjekk å booke billettar på ruta lenger.

- Eg må desverre meddele at DAT ikkje lenger flyr ruta Florø – Stavanger, stadfestar Karin Rasmussen på DAT si frafikkavdeling.

Trafikkavdelinga stadfestar at dei framleis flyg Florø-Molde.

Med dette er det klart at Widerøe har greidd å vippe DAT nesten totalt ut av marknaden i Florø, ein prosess som starta med at Samferdsledepartementet endra konsesjonsvilkåra slik at dei gjekk i ein aktør som Widerøe sin fordel. Med dei nye reglane vart det mogeleg å sjå anbod på fleire ruter i kortbanenettet i samanheng økonomisk og Widerøe tilbydde seg å ta Florø-rutene heilt utan offentleg tilskot. Med den flytypen DAT har, ATR 42, kan dei ikkje trafikkere flyplassar som Førde, Sandane og Sogndal, fordi desse er for kort rullebane på.

Kommunikasjonsdirektør hos Widerøe, Richard Kongsteien, er ikkje samd i denne framstillinga:

- Dette er feil. Det er ikkje konsesjonsvilkår, men anbodet for å flyge på Vestlandet dette gjeld. Reglane er ikkje endra, det har alltid vore mogleg å legge inn samleanbod der vi gjorde det. Årsaka til at vi vann over DAT, var at vi var billegast. Vi såg at marknaden i Florø hadde utvikla seg så bra at det var fullt muleg å oppfylle kravet frå Samferdselsdepartementet utan tilskot frå Staten. Slik de framstiller det, verkar det som om det ligg noko lureri bak. Det er feil, understrekar han.

Konsekvensen av endringar for flypassasjerane er uansett at det prisbildet som DAT pressa fram i konkurranse med Widerøe, no er historie. Det har heller ikkje vore mogleg for Widerøe å tilpasse rutetidene til lokale båtruter og båtruter for passasjerar frå Nordfjord.

Ein annan positiv konsekvens av konkurransen DAT har bydd på det siste året, er at Widerøe har oppretta ei lenge etterlengta rute nordover mot Møre-regionen. Den skal gå til Kristiansund.

Artikkeltags