Dagsturhytta blir stengd – fundamenteringa taklar ikkje vind

FLØGEN: Dagsturhytta på Fløgen er for dårleg fundamentert i forhold til vêrtilhøva på Fløgen. No blir hytta stengd til fundamenteringa er utbetra.

FLØGEN: Dagsturhytta på Fløgen er for dårleg fundamentert i forhold til vêrtilhøva på Fløgen. No blir hytta stengd til fundamenteringa er utbetra. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FLØGEN:

DEL

Dagsturhytta på Fløgen er for dårleg fundamentert i forhold til vêrtilhøva på Fløgen. No blir hytta stengd til fundamenteringa er utbetra. Det seier kultursjef Margit Drivenes Kløvfjell til Firdaposten fredag føremiddag.

– Fundamenteringa er for dårleg, så når det er så mykje vind som det er no, ønsker vi ikkje at folk oppheld seg inni den, seier ho, men strekar samstundes under at det ikkje er fare for at hytta blir teken av vinden.

– Nei, vi risikerer ikkje at hytta bles vekk. Vi har fått laga risikovurderingar som seier at det ikkje er fare for det, men folk har vore i hytta merkar at den beveger seg når det er vind, og sånn skal det ikkje vere. Og når den attpåtil er open for alle, må vi vere på den sikra sida, seier Kløvfjelll.

Fundamenteringa skal utbetrast så fort som mogleg, poengterer kultursjefen.

– Vi må prøve å få det på plass i løpet av hausten, sånn at hytta blir tilgjengeleg neste sesong. Det blir for utfordrande å jobbe der om vinteren, seier Kløvfjell.

Artikkeltags