Naustdal Dampbakeri blir hovudleverandør til Coop Vest i Sunnfjord, Ytre Sogn og Gloppen

NY AVTALE: Naustdal Dampbakeri blir hovudleverandør til Coop Vest i Sunnfjord, Ytre Sogn og Gloppen.

NY AVTALE: Naustdal Dampbakeri blir hovudleverandør til Coop Vest i Sunnfjord, Ytre Sogn og Gloppen. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

NÆRINGSLIV: Det opplyser Coop Vest i ei pressemelding onsdag føremiddag.

DEL

I mars 2017 kutta Coop-butikkar i avtalen med brødlevering frå Naustdal Dampbakeri. Bakeriet mista leveransane til ti Coop-butikkar, samt at leveringa til butikkar i Førde, Florø og Naustdal blei halvvert.

I pressemeldinga som blei send ut onsdag, kjem det fram at Naustdal Dampbakeri og Coop Vest sida august i år har jobba i lag for å kome fram til ei ny avtale, skriv Firda.

Avtalen skulle eigentleg underskrivast denne veka, med avtal om oppstart frå 1. januar 2019. Men no er det avgjort at avtalen trer i kraft umiddelbart, og at Naustdal Dampbakeri blir hovudleverandør allereie no.

Geir Espe, administrerande leverandør i Coop Vest, seier i pressemeldinga at avtalen ikkje har noko med det graverande hos Goman Rogndalsen, Lindås-bakeriet som tok over avtalane etter Naustdal Dampbakeri i 2017.

– Vi er svært glade for å få i stand denne avtalen, som allereie har vore i prosess sidan i august. Avtalen har med andre ord ingenting med det som har skjedd på Goman Rognaldsen å gjere, men sett i lys av den saka vil avtalen tre i kraft umiddelbart. Vi ser no framover og gler oss over ein avtale som er viktig for begge partar og for heile Sunnfjord, seier Espe.

Tidlegare

For Naustdal Dampbakeri blei ein av konsekvensane etter endringa i 2017, at det måtte nedbemanne: Dei måtte kutte fire årsverk.

Martin Berntsen, dagleg leiar ved Naustdal Dampbakeri, sa i mars i år at dei rekna med å ha gått ned rundt 20 prosent i omsetnad på grunn av endringa Coop-avtalen.

Førre veke stengde Mattilsynet Coop-bakeriet Goman Rognaldsen etter alvorlege funn:

– Terskelen for å stenge ei produksjonsbedrift er ganske høg, men her var vi ikkje i tvil. Det er veldig sjeldan at vi ser så grove tilfelle, sa seksjonssjef i Mattilsynet Randi Øyen Afdal til avisa Nordhordland. Det vart mellom anna funne fugle-, rotte- og museskit i produksjonslokalet.

«Vi vurderer at brød som er kjørt gjennom kjølekarusell kan utgjøre en helsefare da det er observert fugleskitt på selve transportbåndet hvor uemballerte brød transporteres før oppskjæring og pakking.» stod det mellom anna i rapporten frå Mattilsynet.


Artikkeltags