Hos Gisle får du ikkje lenger tre for to

GREP SOM VIRKAR: Kiwi-leiar i Florø, Gisle Drivenes lukkast stadig betre med å hindre at fullt brukbar mat endar som søppel.

GREP SOM VIRKAR: Kiwi-leiar i Florø, Gisle Drivenes lukkast stadig betre med å hindre at fullt brukbar mat endar som søppel. Foto:

FLORØ: Kiwi har kutta ut kvantumsrabatt. Målet er å få ned matsvinnet, og tiltaka fungerer.

DEL

Daglegvarekjeda Kiwi set no inn nye tiltak for å hindre at mykje mat vert kasta. Fokuset den siste tida på det enorme matsvinnet, gjer at Kiwi vil setje ekstra trykk på å bidra til meir berekraftig handel og forbruksmønster.

- Vi meiner at kvantumsrabattar kan gjere at du kjøper meir enn det du treng. Når konkurrentane våre har tilbod som «3 for 2» eller «5 for 100», så skal vi setje ned prisen på enkeltvara tilsvarande eller meir. Hos oss skal det ikkje løne seg å kjøpe meir enn det du faktisk treng. No ser vi at dei fleste daglegvarekjeder har stoppa med slike mengdetilbod etter at vi lanserte vår kampanje, skriv Kiwi i ei pressemelding.

I tillegg til dette tiltaket som alt har gitt effekt, vil kjeda også halde fram med aktiv nedprising av datovarer, samt å donere bort overskotsmat til ideelle organisasjonar som til dømes Kirkens bymisjon, som no får over 300.000 måltid gratis frå Kiwi på årsbasis.

Å lage produkta betre tilpassa til einpersons-hushaldningar blir også vidareført og utvikla. Både "middag for ein"-konseptet, og det å bake brødtypar som er mindre i storleik har gitt effekt. Så langt i år har Kiwi klart å redusere matkasting med 42 prosent, og målet er ei halvering innan 2025.






Artikkeltags