Lover storsatsing på bøker på Coop Extra

Snart kan du kjøpe fire melk, Dagbla' for i går, og den siste til Karl Ove Knausgård på Coop Extra.

Snart kan du kjøpe fire melk, Dagbla' for i går, og den siste til Karl Ove Knausgård på Coop Extra. Foto:

Frå nyttår kastar Coop seg for alvor inn i kampen om bokkjøparane. Dei ryddar plass til ein minibokhandel i dei store butikkane, og lovar fleire titlar, betre utval, og gode tilbod.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Snart kan du kjøpe dei nyaste og mest populære bøkene samtidig som du er ute og handlar mjølk og brød. Bokhandlarkjeda Tanum og daglegvarekjeda Coop har inngått eit samarbeid som vil innebere ei ny og større boksatsing i Coops daglegvarebutikkar. Saman har dei laga noko dei har kalla for Tanum Concept, og målet er å auke tilbodet av bøker for alle som handlar på Coop.

– Bøker er noko våre kundar, som også er våre medeigarar, er veldig opptatt av. Vi ønsker å legge enda betre til rette for å spreie den litteraturen kundane ønsker seg. Derfor skal det bli enklare å finne aktuelle bøker der man handlar sine daglegvarer, seier Geir Inge Stokke, konsernsjef i Coop Norge SA.

Blir bokhandler: Konsersjef i Coop, Geir Inge Stokke, kastar seg inn i kampen om bokkjøparane.

Blir bokhandler: Konsersjef i Coop, Geir Inge Stokke, kastar seg inn i kampen om bokkjøparane. Foto:

Coop ønsker med dette å sette sitt preg på bokmarknaden, og doble omsetnaden av bøker i eigne butikkar. Dei mindre butikkane, slik som Coop Marked i Svelgen, og i Lindheimveien i Florø, vil i stor grad styre sjølv i kva grad dei vil satse på bøker framover. Det er først og fremst dei større butikkane som vil ta del i den nye satsinga. Kommunikasjonssjef i Coop, Harald Kristiansen kan stadfeste at Coop Extra på Evja vil få det nye konseptet. Avtalen gjeld frå 1 januar, og Kristiansen seier at dei tar sikte på å ha dette rulla ut og klart i butikkane i løpet av januar.

– Coop Extra har allereie selt bøker i fleire år. Kva er det som blir nytt med denne satsinga? Blir det fleire bøker, eller blir det eit anna type utval?

– Begge deler. Det blir ti på topp, og det blir temabøker. Strikkebøker og matoppskrifter. I Extra-butikkane vil det vere fokus på Topp 10 pocket, men også eit bredt utval av sakprosa, barnebøker og skjønnlitteratur. Det er viktig for Coop med god bredde, og ein kombinasjon av nyheiter og aktualitet. Samt gode tilbod sjølvsagt. Coop sit allereie med god kompetanse på bøker, men tilgangen har vore avgrensa. Med Tanum Concept vil utval og kompetanse rundt bøker hos oss bli betrakteleg styrka.

– Kor mange titlar er det snakk om? Blir de minibokhandlarar no?

– Eg har ikkje eit nøyaktig tal på titlar her og no, men det blir ikkje heilt ulikt slik dei har det i bokhandelen no. Det blir eitt par reolar med bestseljarar, og so blir det torg der du finn temabøker og liknande. Jo, minibokhandel er i grunnen ein nokså dekkande beskriving.

– Kva vil dette ha å seie for den lokale bokhandlaren? Kan dei overleve om folk no går over til å kjøpe bestseljarane på Coop Extra?

– Vi veit at kundane våre ønsker dette, og det er kundane som eig oss. Og vi trur at boksalet vil auke. At den auka tilgangen på bøker vil få fleire til å lese, og kanskje vil dei oppsøke bokhandelen etterpå? Vi ønsker ein open og god konkurranse, og vi trur at det vil vere plass til faghandelen også i framtida.

Artikkeltags