Fjord1 veks seg ut av huset

Administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland treng snart meir plass i Strandavegen

Administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland treng snart meir plass i Strandavegen Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Det går godt i Fjord1 om dagen. No er administrasjonsbygget i Strandavegen i ferd med å bli for lite.

DEL

Fjord1-aksjen fyk til himmels, for eit par veker sida var selskapet verdsett til nær 4,4 milliardar kroner, og dei nye prosjekta står i kø. Selskapet skal fornye heile ferjeflåten med nye elferjer dei kommande åra. Det betyr investeringar i storleiken 3–4 milliardar kroner. Det betyr også at det er mykje prosjektarbeid som må gjerast, og til det har selskapet trengt fleire folk. Det har resultert i at dei no held på å vekse seg ut av huset i Strandavegen i Florø.

Sitter trongt

– Ja, vi har lagt på oss ein del i 2017, seier ein strålande nøgd administrerande direktør, Dagfinn Neteland.

– Det er kjekt å vere i Fjord1 for tida, seier han, og fortel at det er snakk om ein plass mellom 10 og 15 årsverk som har kommen til det siste året. Det handlar mykje om prosjektarbeid, noko av det midlertidig, men det er arbeid med ein lang horisont. No er det trongt om plassen borte i Strandavegen, og dei kjem til å ta grep for å rette på situasjonen.

– Er det planar om å bygge på for å skaffe meir plass?

– Vi har ikkje heilt bestemt oss for kva vi skal gjere enno, men huset er frå 1987 så det nærmar seg uansett tida for ein renovering. Vi får sjå kva vi landar på, men betre plass må vi ha. No sit vi trongt.

På plass i Bergen

Reieriet etablerte seg tidlegare i år på nytt i Bergen, etter at dei flytta hovudkontoret derfrå og til Florø i 1988. Fleire var redde for at det var starten på ein prosess som med tida ville føre til at hovudkontoret igjen enda opp i Bergen, og Florø sto ribba tilbake. Med veksten i tilsette er det lite som tyder på at det er i ferd med å skje, og Neteland avviser da også dette fullstendig.

– Dette må du ikkje bruke blekk på. Vi skal ha folk der det er lurt å ha folk, nå har vi så stor aktivitet i Hordaland at vi treng å vere til stades der. Akkurat slik som vi er i Molde. Men hovudkontoret er i Florø, og det skal det fortsette å vere.

Artikkeltags