DAB-radio trugar tunneltryggleiken

Skatestraumtunnelen Bremanger brann røyk tunnel 616

Skatestraumtunnelen Bremanger brann røyk tunnel 616 Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Overgangen til DAB-radio kan utgjere eit trugsmål mot beredskapen, spesielt i tunnelar, meiner fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand.

DEL

– Vi har sett fleire døme på kor viktig det er å nå inn til bilførarar med informasjon i samband med tunnelbrann, seier Stensvand til Sogn Avis. Han minner om fleire nesten-katastrofar i Sogn og Fjordane.

– Svært avgjerande

– Vi veit at informasjon gjennom bilradioen kan vere svært avgjerande, seier han.

Med unntak av Frp sa alle partia på Stortinget ja til at FM-nettet skal stengast ned neste år. I Sogn skjer dette 20. juni, og det inneber at bileigarar i relativt nye bilar brått blir avskorne frå å ta i mot vital veginformasjon på bilradioen. Dette uroar fylkesberedskapssjefen, og han meiner det er rettkomme at Frp no kjem på bana og varslar at problemet vil bli teke opp att i Stortinget.

Spørsmål til kulturminsiteren

Partiets kulturpolitiske talsmann, Ib Thomsen, stiller dette skriftlege spørsmål til kulturminister Linda Helleland: – Kven tek konsekvensen av at FM-nettet stengjer for tidleg?

Fylkesberedskapssjefen meiner det er eit rettkomme spørsmål. Han kan berre setje si lit til at dei sentrale styresmaktene har tenkt på den situasjonen som oppstår på varslingssida.

– Vi veit at informasjon gjennom bilradioen kan vere svært avgjerande, seier han til avisa.

Mange utan DAB

Haavard Stensvand trur ein må rekne med at relativt mange blir utan DAB og såleis blir avskorne frå å ta imot informasjon.

– I samband med vegtunnelar er dette særleg akutt, seier han.

DAB åleine att

Dei fleste tunnelane er snart utstyrte for både DAB og FM.

Men i Statens vegvesen får Sogn Avis stadfesta at tunnelane sit att med berre DAB-systemet om FM blir stengd ned.

– DAB blir att åleine i tunnelane når FM-systemet blir stengd, seier avd. direktør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen Region vest.

I etaten syter ein såleis for at det inntil vidare, til ei eventuell sløkking blir sett i verk, er dobbelt sikring på å nå inn i tunnelen med relevant P1-informasjon.

Artikkeltags