Aksjonen held fram

SØKER GÅVER: Bookingsjef på Quality, Gro Leni Hansen og hotelldirektør på Comfort, Siv Grov skal halde fram med prosjektet «ensomt juletre søker gaver» i år igjen. Foto: Dag Nesbø Frøyen

SØKER GÅVER: Bookingsjef på Quality, Gro Leni Hansen og hotelldirektør på Comfort, Siv Grov skal halde fram med prosjektet «ensomt juletre søker gaver» i år igjen. Foto: Dag Nesbø Frøyen

Artikkelen er over 2 år gammel

Choice-hotella i Florø vil samle inn gåver i år igjen.

DEL

Prosjektet hotella i Florø har gjennomført med stor suksess dei siste åra, vil halde fram i år igjen. Så kjøp ein pakke, merk den med kjønn og alder og legg den under eit av juletrea som står i hotellresepsjonane i Florø. Då er du med.

– Det er kanskje meir aktuelt enn nokon gong, seier hotelldirektør Siv Grov på Comfort. Ho tenker ikkje berre på den store flyktningkrisa når ho snakkar om aktualiteten.

– Eg trur folk har skarpare fokus på kor godt vi har det og ønsker gjerne å dele litt med dei som treng det. Då treff slike prosjekt, seier ho.

Det er Krisesenteret i Florø som har vore den faste mottakaren av gåvene frå hotella og dagleg leiar Wenche Hovland set stor pris på å få vere mottakar i år igjen.

– Det har vore fantastisk det hotella har gjort for oss tidlegare år. Både vi som jobbar her og bebuarar har sett veldig stor pris på tiltaket. Mange menneske har ringt og spurt oss om det blir juletre på hotella også i år, og vi er takksame for at det kjem oss til gode nok ein gong.

Fullt hus

Hovland fortel at det i år er venta å vere kring 25 menneske som skal feire jul på Krisesenter og kanskje kjem det fleire akutt.

– Vi har avgrensa med midlar på budsjettet, så vi er veldig glad for hotella på denne måten tenker på alle dei som har flykta heimanfrå, seier ho.

Mange av dei ungane som har vore på Krisesenteret har ikkje hatt det godt i juletida.

– På Krisesenteret har vi lukkast med å gjere det triveleg. Ungane synest det er veldig kjekt og det er tilbakemeldingane frå dei som har vore på jobb her i jula, seier Hovland som ser føre seg eit større selskap denne gongen.

– Vi blir fleire i år. Vi har fullt hus og vi reknar med det blir kring 25 menneske. Det er berre dei vi veit om, men det kan dukke opp fleire.

Avviser aldri

– Kan det oppstå ein situasjon der de må avvise folk?

– Nei. Det gjer vi aldri.

Det er nokre som skal feire jul her som er invitert då dei ikkje har nettverk og familie, men vi avviser aldri. Vi legg til rette og finn løysingar for dei som har behov uansett. Så det er aldri stengt for dei som har behov for beskyttelse og som er i krise, svarar Hovland.

Nordic Choice-hotels gir 10 kroner for kvar pakke som kjem inn til UNICEF og prosjektet «Sweet dreams».

Artikkeltags