I kveld kjem Karl Håkon-saka opp i bystyret

BYSTYRET: Tone Sandvik og Karl Håkon Knutsen er nok spente. I dag kjem saka deira opp i bystyret.

BYSTYRET: Tone Sandvik og Karl Håkon Knutsen er nok spente. I dag kjem saka deira opp i bystyret. Foto:

FLORØ: I tillegg skal bystyret mellom anna behandle søknad om støtte til forprosjekt for etablering av banevernsinstitusjon i Florø.

DEL

Kinn sitt kommunestyre er konstituert. Det betyr at bystyret i Flora kommune no berre skal sørge for avvikling av den gamle kommunen, og at drifta fram til kommunesamanslåinga er eit faktum går slik den skal. Kveldens møte i bystyret er, ifølge møtekalenderen til Flora kommune, det nest siste bystyremøtet i Flora kommune. Det aller siste møtet blir heldt den 12. desember.

Du kan som vanleg følge møtet i bystyret direkte her på Firdaposten frå klokka 17.00.

I dette møtet skal politikarane bestemme om Grovastøylen AS og Havglytt ved Flora Alderssenter-stiftinga skal få fritak frå eigedomsskatt. Begge har søkt om dette, og viser til at det kan gjevast fritak for eigedomsskatt etter søknad for organisasjonar som driv ideell, frivillig og ikkje-forretningsmessig verksemd. Rådmannen innstiller på at begge skal få innvilga fritak.

Politikarane skal også sjå på eit forslag til endring i drift og investeringsbudsjettet til Flora Hamn KF. Dei må dessutan ta stilling til ein privat detaljreguleringsplan for området rundt Circle K og Grønsberg Bygg der sistnemnde er forslagsstillar. Dei ønsker å utvide område for næring slik at dei kan nytte delar av område som ikkje er utbygd i dag til dette formål.

Det kjem også eit framlegg til uttale frå Flora bystyre om framtidige vindkraftverk, og i tillegg skal politikarane diskutere ein søknad om støtte til forprosjekt for etablering av barnevernsinstitusjon i Florø. Denne har Firdaposten skrevet om før, det er Åse Iren Korneliussen som ønsker å få til dette.

Dei to siste sakene i møtet er interpellasjonar. Flora MDG ved Martin Malkenes er bekymra for mobbing i skulen, og vil at bystyret skal be administrasjonen gjere meir for bøte på problemet.

Den siste saka på programmet denne gongen er ein interpellasjon frå Frp ved Frank Willy Djuvik som løfter saka om Karl Håkon Knutsen opp til ein prinsipiell behandling i bystyret. Han stiller følgande spørsmål til ordføraren:

  1. Meiner ordføraren at enkeltmenneske sine kvardagslege behov, og viktigheita av å meistre ein kvardag saman med andre er eit viktig prinsipp kommunen må legge mest vekt på, før ein opprettar eigne tilbod i kommunen?
  2. Er ordføraren positiv til at Flora kommune framleis skal kunne leige tenester andrestader med god spisskompetanse, framfor å byggje opp eit tilbod som berre tilfredsstiller eit fagleg forsvarleg minimum i eigen kommune?

I tillegg vil han ha bystyre med på følgande vedtak:

  1. Flora Bystyre meiner at enkeltmenneske sine behov, utvikling og moglegheiter for å kunne kommunisere og utvikle seg i eit sosialt miljø er viktige prinsipp som skal leggast til grunn når kommunen handsamar saker etter opphaldsprinsippet i Helse og omsorgsloven. Bystyret meiner det er positivt at kommunen kan kjøpe tenester andre stader der brukarar har tilknyting, og der dei vil kunne oppleve ein god fagleg og sosial utvikling.
  2. Kommunestyret ber om at saker der kommunen har gitt avslag på at kommunen kan kjøpe tenester andre stader får ei ny handsaming der ein legg prinsippet i punkt 1 til grunn.
  3. Flora bystyre oppmodar Kinn kommunestyre om å vedta det same prinsippet

Artikkeltags