Gå til sidens hovedinnhold

Byr på musikalske filmperler

Artikkelen er over 13 år gammel

Siste helga i mars kan du gjenoppleve store musikalske perler.

Sogn og Fjordane Symfoniorkester har invitert med seg songaren Grethe Berntzen frå Bremanger og pianist Elena Chalneva Sirnes frå Førde som solistar. Songarar frå alle kora i Flora og Bremanger dannar eit felles kor under leiing av kordirigent Jarle Grotle. Konferansier, solist og dirigent for heile prosjektet er Helge Haukås.

Det blir konsert i Storhallen i Bremanger saman med Bremanger Musikklag og Bremanger Barnekor laurdag 29 mars. Deretter går turen til Florø til konsert søndag 30. mars saman med Florø Hornmusikk, Florø Minising og kor frå fjerde klasse ved Florø barneskole.