Den digitale kvardagen var absolutt høyrbar i Svelgen sentrum då Airlift var på plass med ein av maskinane sine. Oppdragsgjevar var Telenor som er i gang med utbygginga av det digitale bakkenettet. Når det skal opnast til hausten, vil såleis folk i Svelgen vere med frå første dag. Airlift sitt oppdrag var å transportere materialar opp til den vesle fjellnuten Kruna, der det alt står ein tv-sendar. Det nye utstyret som skal på plass, gjer at «kringkastingshuset» på Kruna vert for lite. Derfor må det byggjast på. Etter fire turar opp og ned var alt på plass.
Bygger på TV-huset på Kruna
Artikkelen er over 15 år gammel
SVELGEN: Airlift er i gang med å bygge ut digital-TV i Svelgen-området.