Sjokk: Linda Kaldestad hadde blitt beden om å halde seg heime fordi sambuaren Stein Arve Olsen skulle komme og hente ho. Difor var det eit stort sjokk å bli henta for ein spontan shoppingtur til ein verdi av 10.000 kroner. Vinnarloddet vart fylt ut hos Spar Krokane, og det var kjærasten som sette Linda sitt namn på loddet.alle foto: liv standal

Linda er tidenes mest effektive Byflax-vinnar

Publisert

Men når Firdaposten troppar opp i Solhaugvegen brukar ikkje Linda Kaldestad lange tida på stille seg om frå å vente på kjærasten Stein Arve Olsen, som hadde bede henne sminke seg og sjå presentabel ut, «for vi skal i banken».

– Men kor tid byrja han å bry seg om det, fnyser Linda, når realiteten har gått opp for henne – nemleg at ho skal ut og svi av 10.000 kroner, heilt utan å spørje nokon bank om lov.

Foto: Trude Sørbø Vee

Mann, ungar og hus

Ho bestemmer seg for å sikte mot Evja og byrje på Nor Tekstil sin butikk. Der finn ho kjapt fram til ei jakke til seg og ei til sin kjære. Når Bodil frå marknadsavdelinga i Firdaposten kommenterer at det var kjapt gjort, vedgår Linda at ho godt visste kva ho ville ha.

– Vi er ofte innom her, vi!

Ein lekker pudderrosa bluse med vårens statement-armar fekk vere med Linda heim frå B-Young.

Ein lekker pudderrosa bluse med vårens statement-armar fekk vere med Linda heim frå B-Young. Foto:

Neste stopp er Til Bords. Ho og Stein Arve har nett kjøpt seg hus, så det er mange ting som kunne trengast. Ho bestemmer seg for at det er knivar og bestikk som er mest presserande.

Og så litt til mor

Frå Evja går vegen til Strandgata og inn til Byens Vesle Kjøpesenter. Her går startskotet hos B-Young i kjellaren. Linda svingar seg inn og ut av ein bluse med vårens statement-armar – den får bli med heim. Så skannar ho gjennom herreavdelinga og ender opp med ein hettegenser til sonen.

Det vanskeleg - for ikkje å seie umogleg - for ei mamma å bruke 10.000 kroner på seg sjølv. Hos Vic Eliassen finn Linda ein genser til sonen. Her saman med Asbjørg Hovden.

Det vanskeleg - for ikkje å seie umogleg - for ei mamma å bruke 10.000 kroner på seg sjølv. Hos Vic Eliassen finn Linda ein genser til sonen. Her saman med Asbjørg Hovden. Foto:

Tvers over gata finn Linda seg eit par planter hos Rognaldsen.

– Men det må vere sånn som ikkje er så krevjande. Eg har ein tendens til å gløyme dei, innrømmer ho.

Men når sonen har fått genser, må også dottera få noko. Dermed går turen tilbake til Nor Tekstil og Linda kjem ut att med ein stor bag. Aller siste stopp vert Kiwi, der ho legg att dei siste hundrelappane. To timar har Byflax-vinnarane på å bruke opp dei 10.000 kronene. Linda var heime igjen etter ein.

Vel heime igjen er Linda nedlessa av posar. - No har alle fått litt. Hundane får få pølse til middag idag! smiler ho breitt.

Vel heime igjen er Linda nedlessa av posar. - No har alle fått litt. Hundane får få pølse til middag idag! smiler ho breitt. Foto:

Artikkeltags