Kan du slå «Florø twins fantastico» i triksing?

Meisterskap: Det blir Florameisterskap i triksing med «Florø twins fantastico»; Stefan og Peter Aase og Runar og Erlend Hove. Kan du slå dei? Foto: Dag N. Frøyen

Meisterskap: Det blir Florameisterskap i triksing med «Florø twins fantastico»; Stefan og Peter Aase og Runar og Erlend Hove. Kan du slå dei? Foto: Dag N. Frøyen

Artikkelen er over 2 år gammel

Siste Obos- heimekampen til Florø Fotball skal feirast med Oktoberfest i sentrum. – Det blir triksemeisterskap, allsong, og sjølvsagt (?) jodling!

DEL

Det fortel Per Øyvind Helle i Byen Vår Florø.

Supporterklubben Stimen lanserte for ei tid tilbake sitt opplegg rundt den siste heimekampen i årets Obos-sesong. Byen Vår Florø og Kysten restaurant er også med på laget, og fortel no kva dei har planlagt i samband med fotballfesten.

– Stimen, Byen Vår Florø og Kysten Restaurant går saman om å lage oktoberfest laurdag 28. oktober. Det blir program både på dagtid og kveldstid, og det vil føregå i eit telt i Torggata, fortel Per Øyvind Helle.

– På dagtid blir det triksing, straffespark og allsong av klubbsongar som er hovudingrediens i teltet – og jodling!, røper han.

Florameister i triksing

Det blir Florameisterskap i triksing med tvillingane Runar og Erlend Hove og Stefan og Peter Aase i spissen.

– Vi oppmodar alle til å utfordre «Florø twins fantastico»! Påmeldinga skjer i teltet, og det er gratis for både barn og vaksne, fortel Helle.

Du kan også skyte straffespark på keeper Niklas Frenderup, og det blir allsong av dei tre supportersongane med Jan Kjetil Klubben.

– Så her er det berre å lære seg låtane Florø Fotball (de svarte og blå) med Hayseed & Klubben, Florø By med Vikingblod og Måk på FSK med Hisia. oppfordrar Helle.

Jodle-meisterskap

Musikkpo (t) et Halvard H. Lunde ein av dei som skal på scena i teltet denne laurdagen. Han skal jodle i veg på tysk (med schaps og lederhosen), sveitsisk og irsk!

– Vi utfordrar sjølvsagt folk i Florø som jodlar i lystig lag til å «gå opp mot» Halvard; Kven er best i jodling!? Det er berre å melde si interesse til oss, seier Helle.

– Og om folk ønsker å kle seg opp til oktoberfest-stemning, så gjer gjerne det – det blir både pøbb og grilling av bratwurst i teltet, og det er gratis inngang i teltet på dagtid, fortel han.

Kveldsshow i teltet

Om kvelden er det Stimen som styrer teltet. Det blir show med karane bak «Heia Fotball» frå P3 og fotballquiz med quizmaster og Stimen-leiar Jon Håvard Strømsnes. Og til slutt avslutning med ein heidundrande allsangkonsert med Skjæggi og Jan Kjetil Klubben.

– Billettane til dette arrangementet går unna. Men det er framleis mogleg å sikre seg ein billett til denne herlege markeringa av Florø Fotball sin flotte debutsesong i Obosligaen, oppfordrar Helle.

Artikkeltags