Byen får nytt restaurant-tilskot

Nadda D. Skarstein opnar restaurant i ytre Strandgata.

Nadda D. Skarstein opnar restaurant i ytre Strandgata. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Og det er det Nadda Skarstein som står for.

DEL

Ut på seinsommaren vil ho nemlig opne thai-restaurant i ytre Strandgata, i lokala der det tidlegare vart drive indisk restaurant.

Nett no ventar ho på at kjøkkeninnreiinga skal komme, noko ho håpar skal skje mot mot slutten av veka. Så må ho ha på plass ein del løyve frå det offentlege, noko ho reknar med skal gå greitt.

Nadda kjem frå ein region som heiter Isaan, nordaust i Thailand. Ho er gift med Florø-mannen Oddvar Skarstein, har budd i Florø i 14 år, og har tre vaksne søner. Heile tida har ho hatt lyst å opne eigen restaurant, også for å samle sønene og familien elles rundt drifta, slik det er vanleg å gjere det i hennar heimland.

- Eg har drive restaurant i mange år, i landsbyen der eg kjem frå, så eg veit kva eg går til, smiler ho.

Til vanleg jobbar ho i kantina hos SFE, noko ho vil halde fram med.

Ho er heilt sikker på at Florø er klar for ein thai-restaurant, og regionen ho kjem frå er kjend for kjøkkenet sitt:

- Eg veit at mange norske menn som er gifte med damer frå Isaan set pris på den sterke maten. Men dei som kjem til restauranten min treng ikkje å vere redde for at maten skal vere for sterk, smiler ho.

Nadda planlegg å hente hit ein thailandsk kokk, og ho vil også ha take-away, slik at folk kan hente maten heim, om dei ønskjer det.

Den store uteserveringa på baksida av bygget, skal sjølvsagt også takast i bruk når det er vêr til det.

- Vi håpar å vere i gang til skulestart, smiler ho.

Artikkeltags