Bremanger kommune vil kvitte seg med fleire bygningar

SVELGEN: Her i Svelgen vil Bremanger kommune kvitte seg med to bygningar som i dag er brukt til utleige.

SVELGEN: Her i Svelgen vil Bremanger kommune kvitte seg med to bygningar som i dag er brukt til utleige. Foto:

DEL

Den tronge kommuneøkonomien i Bremanger gjer at kommunen opnar for å kvitte seg med bygg taksert til ein verdi av rundt ni millionar kroner. Dei fleste bygga er i dag brukt til utleigebustadar.

Det skriv Fjordanes Tidende

Administrasjonen i Bremanger tilrår at bygningane blir seld, ikkje minst for å kome unna kommande kostnadar ved å halde bygga ved like, og politikarane hadde ikkje større motførestillingar ved å la private kjøpe bygningane.

Bygningane det dreier seg om er Sandevegen 32 og Skulevegen 17 i Svelgen, helsehuset på Davik, skulehuset på Novelandet og lærarbustaden på Hauge. Sistnemnde har fire bueiningar.

Artikkeltags