Ny storgåve til Build Aid

Med sekssifra pengegåve frå Nor Tekstil, ser no Ole Stenbakk og Build Aid igjen mot Haiti og Den Dominikanske Republikken, som framleis treng bistand og gode hjelpeprosjekt. Her frå skulebygging i eit av dei jordskjelvråka områda på Haiti i 2010.

Med sekssifra pengegåve frå Nor Tekstil, ser no Ole Stenbakk og Build Aid igjen mot Haiti og Den Dominikanske Republikken, som framleis treng bistand og gode hjelpeprosjekt. Her frå skulebygging i eit av dei jordskjelvråka områda på Haiti i 2010.

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Nor Tekstil opnar pengesekken for Ole Stenbakk & Co.

DEL

Vaskeri-giganten Nor Tekstil har løyvd 200.000 kroner til bistandsorganisasjonen Build Aid. Dermed har Ole Stenbakk fått ei julegåve av dimensjonar, og den kom på eit noko spesielt tidspunkt.

- 21. desember på kvelden sat eg i Bremanger, og vi hadde nettopp mista straumen. Men datanettverket mitt er batteridrive, og det tikka inn ein epost. I skjeret frå stearinlysa las eg meldinga frå Nor Tekstil, og jubelen stod i taket i hytta vår. Dette kom som lyn frå klår himmel, fortel Ole Stenbakk.

Hjå Nor Tekstil er konsernleiar drift, Otto Herrmann. godt nøgd med årets julenisse-gjerning:

- Dette er ei gåve frå våre 1000 tilsette til det vi meiner er eit godt prosjekt å støtte. I tillegg har vi løyvd 100.000 kroner til Kirkens bymisjon sitt arbeid. Når vi går ut og støttar gode føremål, så ønskjer vi å bidra på ein måte som viser att og som betyr noko for mottakaren, seier Herrmann.

Og det har Nor Tekstil gjort når det gjeld Build Aid. Til saman har dei no gitt over 700.000 kroner til bistandsaktøren; pengar som mellom anna har gått til å byggje ein barneheim i Vietnam, og til eit skuleprosjekt på Haiti.

Når vi går ut og støttar gode føremål, så ønskjer vi å bidra på ein måte som viser att og som betyr noko for mottakaren.

Otto Herrmann, Nor Tekstil

Ser mot Haiti og DR

Stenbakk har klare planar for korleis midlane best kan nyttast.

- Vi er på god veg med å finansiere prosjektet vårt i Nha Trang i Vietnam, der vi skal byggje eit arbeids- og treningssenter for funksjonshemma. Her har lakseselskapet Norwell løyvd ein halv million og samtidig signalisert at dei vil vere med vidare. Pengane vi no får frå Nor Tekstil, har eg lyst å bruke i to land der vi tidlegare har jobba mykje, nemleg på Haiti og Den Dominikanske Republikken, fortel Stenbakk.

Stenbakk har lenge tenkt på å reise tilbake til desse to hardt prøvde landa, der dei første store Build Aid-prosjekta blei realisert.

Flaumskadde bygg

- Det var der det heile starta. I 2005 bygde vi 11 hus og ein skule i Den Dominikanske Republikken (DR). Dette kom lutfattige flyktningar frå Haiti til gode; menneske som tidvis blei hundsa og undertrykte og behandla svært dårleg, fortel Stenbakk.

Build Aid har motteke informasjon om at infrastrukturen dei bygde opp har lidd av dårleg vedlikehald, og at bygningar har fått store skadar, mellom anna på grunn av flaum.

- Når du må velje mellom mat til ungane dine, og måling på veggane, så er det forståeleg at det har blitt slik, seier Stenbakk, som også ønskjer å hjelpe ei norsk kvinne som har bygt ein barneheim og ein liten skule i DR.

- Hennar prosjekt har også fått føle på naturkreftene i form av flaum, og kanskje kan vi hjelpe henne tilbake på beina, seier Stenbakk.

Rekordår

Oppsummert har 2016 vore eit fantastisk år for Build Aid.

- Vi har fått 920.000 kroner i pengegåver totalt. Noko slikt har vi aldri vore i nærleiken av tidlegare. Dette opnar moglegheiter for oss som vi ikkje har hatt før. Ekstra gledeleg er det når verksemder og enkeltpersonar som eg aldri har hatt anna forbindelse til enn at dei har motteke Build Aid-breva våre, der vi skriv om prosjekta våre, filosofien vår og kva vi har på gang, opnar lommeboka for oss. Det gjer meg audmjuk, seier Stenbakk.

Nyleg blei han kontakta av resirkuleringsfirmaet Geminor frå Avaldsnes, som hadde bestemt seg for å gi 20.000 kroner i julegåve til Build Aid. Omtrent samtidig fekk Build Aid 50.000 kroner i gåve frå spikerplateleverandøren PMB, som også tidlegare har vore økonmisk støtteseplar for Build Aid på Haiti.

Artikkeltags