Brutal vald ramma svartruss på Sørstrand

LEGG SEG FLAT: Russepresident for svartrussen i Florø, Charlotte Johannesen er tydeleg på at dei ikkje kan tolerere slike valdsepisodar som fann stad under russedåpen på Sørstrand natt til torsdag. - Dette får konsekvensar for dei som var innblanda, seier ho.

LEGG SEG FLAT: Russepresident for svartrussen i Florø, Charlotte Johannesen er tydeleg på at dei ikkje kan tolerere slike valdsepisodar som fann stad under russedåpen på Sørstrand natt til torsdag. - Dette får konsekvensar for dei som var innblanda, seier ho. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Ein 17-år gammal gut vart brutalt slått ned av tre andre svartruss slik at han hamna på sjukehus. Politiet seier det var ein brutalitet i overfallet dei ikkje er vande med. No driv dei etterforsking for fullt.

DEL

Klokka 22.02 onsdag fekk politiet i Florø melding om at ein person vart slegen ned ved Sørstrand Folkepark i samband med russedåpen til Svartrussen i Florø. Offeret vart send til legesjekk og vidare til sentralsjukehuset i Førde. Flora politistasjon bestemte seg for å følge opp saka mot dei mistenkte som har kjent identitet. Seinare på natta vart to menn under 18 år arresterte og sett i arrest i samband med valden på Sørstrand.

Det som skulle bli den store starten på russefeiringa vart ein gigantisk nedtur for Svartrussen i Florø. Det vart med andre ord ein tøff dagen-derpå for russepresident Charlotte Johannesen.

Nedtur

Allereie i fjor gjekk Charlotte Johannesen i gang med å organisere svartrussen i Florø. No skulle dei organiserast skikkeleg. I staden for å vere ein og annan skulle dei no bli ein gjeng som kunne feire at 12 år på skule og at dei no er komne ut i arbeid.

Ho vart utnemnt Svartruss-president og saman med styret har dei gått grundig til verks for å lage ei russefeiring dei skal vere stolte av. Kick-off festen dei hadde i skyttarhuset for nokre veker tilbake gjekk utan bråk. Denne onsdagen skulle det vere dåp, det var fint vêr, og dei hadde lagt arrangementet til onsdag 23. april. Grunnen var at same dag ville raudrussen vere i Stavang og at dei med å arrangere festen på same tid ville dei unngå konfrontasjonar. For tradisjon tru er det ofte konflikt mellom desse to grupperingane.

På stranda hadde dei sett opp partytelt, dei hadde musikk og bål og alt låg til rette for ein strålande russefest. No skulle dei få russenamna sine og russefeiringa 2014 skulle starte.

70 russ i år

– Vi er ein plass mellom 60 og 70 russ i år, og denne gongen opna vi opp for at folk kunne invitere andre svartrussar med på festen, seier Johannesen.

Ho meiner no i ettertid at det var ein tabbe.

Det var eit par av dei inviterte som var involvert i valdsepisoden.

Det starta med ei skulding om at den fornærma i saka hadde stole alkohol frå ein annan. Det oppstod ein konfrontasjon på stranda som tilsynelatande var opp og avgjort. Men konflikten skulle blusse opp igjen med forsterka styrke. Men då den fornærma skulle tisse, vart han overfallen av tre personar. Han vart slått av alle dei tre. No vart mange av festdeltakarane redde og mange gjekk frå Sørstrand.

– No er vi stempla

Presidenten synest det er trasig at dette skulle skje, men tek det fulle og heile ansvaret. Ho ser kva ringverknader dette kan få for svartrussen, men likevel meiner ho at dette er eit ansvar dei ikkje kan springe frå.

– Vi var for naive. Vi trudde vi hadde kontroll. Det hadde vi dessverre ikkje. Slike hendingar kan vi ikkje akseptere, seier ho.

Russepresidenten legg seg flat.

Likevel skal det strekast under at det var eit ryddig arrangement dei hadde lagt opp til. Dei hadde løyve til å halde festen på Sørstrand av Sørstrand Folkepark. Då mange av svartrussen ikkje er 18 år har det vore vanskeleg å finne lokale til å halde fest. Då var ei løysing å vere ute. Dei hadde kontakta politiet for å informere kor dei skulle vere og kor lenge arrangementet skulle vare. Brannvesen vart kontakta då dei hadde planar om å brenne bål. Dette fekk dei løyve til. Dei hadde også fleire edruelege vakter over 18 år som skulle trygge rammene. Men det skulle ikkje vise seg å vere nok.

No tek russen sjølve ansvar og straffar sjølve dei tre personane som var innblanda i valdsepisoden utover det politiet vel å gjere med dei.

Har snakka med mistenkte

– Eg har i etterkant vore i kontakt med alle dei tre personane som var innblanda i valdsepisoden. To av dei som går på skulen i Florø beklagar seg sterkt. Dei har full forståing for at dei ikkje kan vere med på dei neste festane vi kjem til å arrangere. Dei har orsaka overfor oss at dette får konsekvensar for svartrussen og ikkje berre dei personleg, seier Johannesen.

Alle dei tre skal ha vore overstadig rusa då den grove valdshendinga fann stad.

– Den tredje, som ikkje kjem herifrå, meiner episoden er blåst ut av sine proporsjonar. Han er uansett ikkje velkommen hos oss igjen. Når det gjeld offeret, så har eg ikkje fått snakka med han, men han skal vi verne om og ta vare på framover, lovar russepresidenten.

Ho håpar og trur hendinga har sett ein støkk i russen og at russefeiringa framover vil gå føre seg utan liknande episodar.

Artikkeltags