Gå til sidens hovedinnhold

Brustad må ha siste ordet

Artikkelen er over 13 år gammel

FLORØ: Fylkets fem stortingsrepresentantar krev no at helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad må stå fram og vise kven som kan opprette og eventuelt legge ned sjukehus her i landet.

I dag sende dei fem stortingsrepresentantane frå Sogn og Fjordane brev til helsestatsråd Sylvia Brustad. Og ordlyden er klar: Legg ein ned sengeposten ved Nærsjukehuset i Florø, legg ein i realiteten ned sjukehuset. Og sjukehus-prosjekt oppretta av ein tidlegare statsråd, kan ikkje leggjast ned av eit regionalt helseføretak.

Meiningslaust

– Dette er vi heilt samde om og difor må no Brustad på bana så raskt som råd, seier initiativtakar til brevet, Reidar Sandal (Ap).

Han reagerer på oppslaga i lokalavisene laurdag, der det både kjem fram at nedbemanningsprosessane allereie er i gang, og at Helse Vest ikkje har til hensikt å seie noko eller meine noko om nedleggingsvedtaket som Helse Førde sitt styre gjorde sist onsdag.

– Når Helse Vest seier dei tidlegast kan behandle saka i februar, blir det lite meining i det heile. Då er sengeposten historie og prosessen vil vere umogleg å snu om statsråden skulle ønske det.

– Uhaldbar situasjon

I brevet peikar stortingsrepresentantane på at Nærsjukehuset som pilotprosjekt skulle vere ein viktig nyskaping innan norsk helsevesen, og at ein av føresetnadene for prosjektet var aktiv medverknad frå Helse Førde.