Kampen held fram - ny aksjon denne veka

Foto: Flora Hagelag

Foto: Flora Hagelag

FLORØ: Og den koordinerte aksjonen er i år lagd til 23. mai.

DEL

Det er Flora kommune og Flora Hagelag som går saman om snigledugnaden i Florø, og som før vil du kunne hente ut sniglemiddel på stasjonar.

Det er framleis Nemaslug og mask som blir brukt som åte: Det gjer at sniglen kjenner seg mett og uvel, gøymer seg vekk og døyr. Sidan brunsniglen er kannibal, vil den ete sine daude artsfrendar og dermed bli smitta. Nemametoden er ikkje farleg for andre dyr.

Torsdag 23. mai får du utdelt sniglemiddel ved Flora ungdomsskule, ved Røde Kors-bygget i Nonskarvegen, ved uteseksjonen til Flora kommune på Evja, ved Torvmyrane skule og ved busstoppet i Brandsøy. Har du eit friområde du ønskjer å legge ut middel på, så sei frå. Skuleklassar, lag og organisasjonar er og hjarteleg velkomne til å delta, og vil frå vederlag for jobben, heiter det i Facebook-arrangementet.

Ta med deg ei bøtte, ein isboks, pose eller liknande til å frakte sniglemiddelet i. Ein kan betale med Vipps eller kontant.

Som ein del av snigledugnaden, og for å førebygge spreiing av svartelista planteartar som til dømes parkslirekne, har Flora kommune i år gratis levering av hageavfall helie sommarsesongen, frå og med 23. mai.

Det som kan leverast er greiner, gras, mindre røter og kvist og kvast etter rydding. Steinar, jord, trevirke og tre kan ikkje leverast i denne ordninga, og SAR vil kontrollere at dette vert følgt. Har du større oppryddingsarbeid, som fjerning av hekk, kan SAR kontaktast for pris. 

Sidan ein prøvar ut eit nytt komposteringsanlegg med begrensa kapasitet, ber kommunen om dei som kan, utset leveringa til litt utpå sommaren, slik at ein får jamn tilførsel og kan ta unna hageavfallet etter kvart som det kjem inn.

Og hugs at plantedelar av parkslirekne må leverast i tette plastsekkar for å hindre spreiing under transporten.

Artikkeltags