Brukar kyst-råskapen til promotering

Fotografen i arbeid på Kinn, Elise Gulestøl frå Florø.

Fotografen i arbeid på Kinn, Elise Gulestøl frå Florø. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Ho brukar råskapen og det flotte lyset på kysten til å lage promoteringsfilm for klede og smykker.

DEL

I helga var Elise Gulestøl med team på to-dagars filminnspeling på Kinn, Eikefjord og i Florø. Ho skal lage film til hovudoppgåva si ved Bilder Nordic School Of Photography. Filmen skal vere klar i slutten av juni.

LES OGSÅ: Skildrar industrien bak billegmote

- Eg ville lage ein film på vestkysten der eg kjem frå, som eg alltid har hatt eit hat-elskforhold til. Eg ville prøve å skildre miljøet på kysten og få fram det «harde» livet som fins der, råskapen.Samstundes ville eg utnytte at lyset og naturen er heilt magisk i forhold til andre stadar i landet, fortel Elise. På hat-sida av brøken har ho det våte og kalde klimaet på Vestlandet.

Filmen skal også promotere klede frå eit norsk klesmerke; «Black Rat» av Siri Sveen Haaland, og smykke frå «T-raw»; designa av Tine Haaland-Paulsen.

- Begge designa er inspirert av kysten og natur - og passar perfekt til filmens story og location. «Black Rat» er designa ut i frå norske vérforhold. Det er mykje ull, og veldig slitesterkt. Men samtidig tidlaust og moderne.

På søndag var teamet på fantastiske Listene Gård i næleiken av Eikefjord. Der filma karakterane saman med høglandsfe og sau.

- På kvelden drog vi til den nye folkeparken «Sørstrand» i Florø og filma opningsscena i filmen. På grunn av det spesielle lyset, måtte vi jobbe i mange timar for å vente på rett lys og jobbe kjapt når det først var der. Med god planlegging og eit pågangsmot utan like frå teamet, fekk vi alle bileta vi trengde og filmen er no klar til klipp, fortel Elise, som viser til at lokal støtte har vore viktig for prosjektet.

Ho takkar for støtte frå «Næringsfond for Ungdom» og «Fram Flora»

- Det hadde heller ikkje gått så bra utan all den frivillige hjelpa eg har fått frå både familie, kjærast og teamet frå Oslo. Eit godt team er det viktigaste du må ha når ein skal lage film.

På teamet jobba hårstylist Peder Vigtel Wallentin, B-fotograf Ole Andre Rekkedal og modell Anniken Næss Kullebund.

Artikkeltags