Skal levere ein ny båt kvar tiande veke

Suksessen med "Vision of the Fjords" er ein av grunnane til at ordrebøkene til Brødrene Aa i Hyen er smekkfulle. Her frå visningstur i Florø seinhausten 2016.

Suksessen med "Vision of the Fjords" er ein av grunnane til at ordrebøkene til Brødrene Aa i Hyen er smekkfulle. Her frå visningstur i Florø seinhausten 2016. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

2018 blir eit år på høggir for Brødrene Aa i Hyen.

DEL

Dei avslutta 2017 med å kjøpe opp Norwegian Marine i Eikefjord. No ventar eit år av dei sjeldne for den suksessrike båtbyggjarverksemda i Hyen. Ifølgje Firda Tidend skal Br. Aa ha ordrar for over ein halv milliard kroner i bøkene sine for 2018.

- Det blir hektisk, men akkurat slik vi ønskjer det, seier dagleg leiar Tor Øyvin Aa til avisa.

Hybrid-suksess

Det meste skal gå på skjener om alle leveransar skal gå som planlagt. Det betyr at verksemda må levere ein ny båt ut i marknaden kvar tiande veke.

Ein del av den auka interessa skal tilskrivast hybridbåten "Vision of the Fjords", som vekte stor internasjonal merksemd gjennom fjoråret.

Kina-etablering

Noko av bestillingane som no ligg inne, kjem ifølgje Firda Tidend frå utlandet. Det er også ein av grunnane til at Brødrene Aa no etablerer produksjon i Kina med samarbeidspartnarar der.

- Men framleis er den norske marknaden viktig. Tre av fem båtar som skal leverast i år, skal til norske kundar, seier Tor Øyvin Aa til avisa.

Artikkeltags