Tor Øyvin Aa ved Brødrene Aa i Hyen stadfestar at han har hatt samtalar med INC om å bruke anlegget til INC-bedrifta, Norwegian Marine i Eikefjord, utan at han vil seie at dei er på veg inn i eit formalisiert samarbeid.
Lang ordrebok
– No har vi også brukt både anlegg og folk hos Norwegian Marine til årsklassing av båtar vi har levert. Det vil seie garantikontrollar og klassifiseringar etter at båtane har vore i drift eitt år etter levering. Dette har fungert veldig bra, seier Aa til Firdaposten. No kan det bli meir arbeid både til folk og hall.
– Skulle vi få endå meir arbeid, har vi også ein sjanse til å sette arbeid dit. Då kan vi anten leige folk av Norwegian Marine til å arbeide for oss i Eikefjord, eller periodar flytte litt på folk her frå Hyen.
Brødrene Aa har ordrebok på 20 månader, lang som aldri før. Dei har 5-6 båtar i boka, noko som må seiast å vere svært mykje for ein hurtigbåtprodusent.
– Rett nok ikkje heilt samanhengande, ein ordretilgang på 15 månader vil vere meir korrekt, korrigerer sjefen for Brødrene Aa.
Ein av båtane skal gå på det nye ruteopplegget på øyane i Florø når det kjem i gang over neste nyttår. Tingar her er reiarlaget Florø Skyssbåt AS til Frode Valvik og Paal Dimitri Skorpen
Sjølv var Tor Øyvin Aa med på å byggje opp anlegget på Nesjane i Eikefjord på slutten av 80-talet, med det som mål å byggje mineryddingsfartøy for Forsvaret. I staden enda dei opp med å byggje lystyachtar til eksentriske og ikkje heilt enkle milliardærar. Heller ikkje samarbeidet med krevjande partnarar som Ulstein Gruppen og INC vart nokon stor suksess.
Tilbake til båt
Tor Øyvind Aa drog seg då tilbake til heimbygda Hyen og konsentrerte seg om å samle i hop stumpane av familiebedrifta. Dei neste ti åra satsa bedrifta på togfrontar og spesialkonstruksjonar i sandwich til offshore-industrien. Dei siste tre åra har familiebedrifta igjen satsa på på det som var heile grunnlaget – hurtigbåt.
Dei byggjer båtane i karbonfiber, som gir svært låg vekt. Dette har vist seg som ein solid vinnar.
– Det er nok dei lette og driftsbillige båtane våre som er forklaringa på den store interessa, meiner Aa-sjefen.
Bedrifta i Hyen har i dag 50 tilsette. Til forskjell frå dei fleste andre skipsbyggjarar har ikkje Aa hatt særleg store vanskar med å rekruttere arbeidsfolk. – Vi har tilsett 8-10 det siste året, dei fleste her frå kommunen. Arbeidskraftsituasjonen vår er eigentleg bra, oppsummerer han.
Også den økonomiske drifta teiknar godt, som den har gjort dei siste åra.