No blir ho henta til Oslo

Britt Dalsbotten

Britt Dalsbotten Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Statsministerens kontor har tilsett Britt Dalsbotten som ny politisk rådgjevar for fiskeriminister Per Sandberg. Ho byrjar i jobben kommande måndag, heiter det i ei pressemelding frå nærings- og fiskeridepartementet.

Vakuum etter valkampen

Britt Dalsbotten har over 10 års erfaring som finansrådgivar i Sparebanken Vest. Dalsbotten har vakse opp på gard i Bremanger i Sogn og Fjordane, og har ein bachelor i markedsføring frå Handelshøyskolen BI Bergen.

- Fiskeri- og havbruksnæringa er ei svært viktig næring for sysselsetting og verdiskaping i Noreg. Sjømatnæringa leverer i dag sjømat til forbrukarar i meir enn 130 land og verdien av norsk sjømateksport har nådd rekordhøgder. Derfor er det så utruleg spennande og eg ser fram til å få jobbe med Per Sandberg både som fiskeriminister og som nestleiar i FrP, seier Britt Dalsbotten.

Til Firdaposten seier ho at ho har visst om den nye jobben i vel ei veke, men at ho først i forgårs fekk vite at ho skal tiltre allereie måndag 30.

- Eg står utan jobb, så eg er berre glad. Det har vore litt vakuum etter den hektiske valkampen.

- Er det noko spesielt du ser fram til å ta tak i?

- Eg gler meg generelt til å byrje i jobben, men næring, sysselsetting og verdiskaping er viktig for meg, så eg er veldig glad for at det blei dette departementet. Når oljen er borte, er det jo havet vi skal leve av. Dette e ei næring med eit stort potensiale.

Ho legg til at ho har hatt gode samtalar med fiskeriminister Per Sandberg.

Vil fremje lokale saker

- Er det lokale saker du vil sette ekstra lys på?

- No har eg faktisk allereie løfta fram dette med taretråling. Førebels har eg ikkje fått noko tilbakemelding, men eg håpar at vi kan få til eit betre system der. Dette veit eg er noko som opptek mange, spesielt i Bremanger, seier ho.

Les også  - Vi varsla trålinga på førehand

- Var utan alternativ

Dalsbotten nemner også oppdrettsnæringa.

- Her er rammevilkåra viktige. Det dreiar seg om mange arbeidsplassar.

Under stortingsvalet var Dalsbotten stortingskanditat for Sogn og Fjordane FrP. Ho har tidlegare vore både kommunestyrerepresentant og fylkestingsrepresentant for FrP. I tillegg har ho hatt diverse verv og styremedlemskap i Sogn og Fjordane FrP og FpU, Bremanger FrP og Førde FrP.

Britt Dalsbotten tek over etter Veronica Pedersen Åsheim, som i dag vart utnemnt til statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet.

Artikkeltags