Gå til sidens hovedinnhold

Bremangersambandet inne frå 2009

Artikkelen er over 16 år gammel

Statens Vegvesen vil starte bygginga av andre delen av Bremangersambandet i 2009. Dette viser framlegget til handlingsplan som vart lagt fram i dag, tysdag 1. februar.

Regionvegkontoret med sete på Leikanger, har funne rom for vidareføringa av Bremangersambandet mellom Kolset i Rugsund til Langesi på riksveg 614 mot Svelgen.

Derimot er det ikkje funne rom for Dalsfjordbrua korkje i handlingsprogrammet fram til 2009, eller blant dei prosjekta som er peika ut i åra 2010-2015, melder Firda.

Frå 2006 til 2009 prioriterer regionvegsjefen først Rv 55 Stedjeberget, Rv 617 Måløy Raudeberg og Rv 61 Møre grense-Naveosen. Deretter følgjer del 2 av Bremangersambandet (265 mill. kr.) og Rv 57 Strandenes-Nistadli i Fjaler (52 mill kr.)

Regionvegsjefen vil prioritere Rv 55 Fatlaberget for rassikringsmidlar med 150 mill. kroner. Rv 5 Kjøsnesfjorden er også prioritert, men utan konkrete summar. Det same gjeld Rv 53 Øvre Årdal-Årdalstangen.