Bremanger: Rutebuss har krasja i tunnel

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

ULYKKE: Tre passasjerar og ein sjåfør involvert. Alle skal vere oppgåande etter ulykka.

DEL

Klokka 15.10 tysdag ettermiddag melde Vest politidistrikt om at det har skjedd ei trafikkulykke i Eikelandtunnelen ved Eikset i Bremanger kommune. Ifølge vegtrafikksentralen har ulykka skjedd i ein tunnel på fylkesveg 614, mellom Svelgen og Kjelkenes.

Det skriv Firda.

Alle naudetatar rykte ut til ulykka.

Det skal vere snakk om ein rutebuss. Det skal ha vore ein sjåfør og tre passasjerar i bussen då ulykka skjedde.

– Alle er ute av bussen, melder politiet.

Dei tre passasjerane var oppegåande etter ulykka og har reist frå staden. Dei skal ha fått skyss av forbipasserande, melder politiet.

Helse Førde melder at to av dei som var i bussen då ulykka skjedde hadde forlate staden før ambulansen kom fram. Dei andre to er sjekka opp av ambulansepersonell på staden. Legevaktslege vil følge dei opp.

Vegen var ei stund heilt stengd etter ulykka, men klokka 16.10 melde Statens vegvesen at det er manuell dirigering forbi ulykkesstaden.

Klokka 16.30 vart vegen opna for fri ferdsel.

Artikkeltags